Fictitious Sports
Utsjånad
Nick Mason's Fictitious Sports Studioalbum av Nick Mason | ||
Utgjeve | 3. mai 1981[1] | |
Innspelt | Oktober 1979 | |
Studio | Grog Kill Studios, Willow, New York | |
Sjanger | Jazzrock, progressiv rock | |
Lengd | 36:15 | |
Selskap | Harvest (Storbritannia) Columbia (USA) | |
Produsent | Nick Mason, Carla Bley | |
Nick Mason-kronologi | ||
---|---|---|
Nick Mason's Fictitious Sports | Profiles (1985)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Nick Mason's Fictitious Sports er debutalbumet til trommeslagaren i Pink Floyd, Nick Mason, som soloartist, utgjeve i mai 1981 i Storbritannia og USA. Dette var det første større arbeidet Mason gjorde utanfor Pink Floyd.[3][4] Det vert av mange rekna som eit Carla Bley-album, sidan ho skreiv alle songane og var medprodusent på albumet.[5] Bortsett frå opningssongen vert albumet sungen av Robert Wyatt.
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart spelt inn i oktober 1979, men utgjevinga vart forseinka nesten to år.[6]
Nick Mason:
- «Eg lagde mest 'Fictitious Sports' som ei øving. 'Profiles' har meir levetid... det er sterkt nok til å kunne aksepterast som eit 'verkeleg' album.»[7]
- «Opphavleg var det planen at eg måtte dra til Amerika for å lage eit album med all slags songar, men så sende Carla meg ein kassett med ideane hennar. Det var særs forskjellig frå det ho hadde gjort tidlegare og eg var absolutt med på det. Så eg tenkte det ville vere betre å gjere det slik enn å desperat prøve å finne ting som fungerte i lag.[7]»
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Carla Bley.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Can't Get My Motor to Start» | 03:39 |
2. | «I Was Wrong» | 04:12 |
3. | «Siam» | 04:48 |
4. | «Hot River» | 05:16 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «Boo To You Too» | 03:26 |
6. | «Do Ya» | 04:36 |
7. | «Wervin'» | 03:58 |
8. | «I'm a Mineralist» | 06:16 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Nick Mason – trommer, perkusjon, produsent, lydteknikar
- Carla Bley – klaverinstrument, låtskrivar, produsent
- Chris Spedding – gitarar
- Steve Swallow – bassgitar
- Michael Mantler – trompet, lydteknikar
- Robert Wyatt – vokal
- Karen Kraft – vokal på «Can't Get My Motor to Start»
- Gary Windo – tenor/bassklarinett, fløyte, vokal
- Gary Valente – trombone, vokal
- Howard Johnson – tuba
- Terry Adams – piano på «Boo to You Too», munnspel og clavinet på «Can't Get My Motor to Start»
- Carlos Ward – vokal
- D. Sharpe – vokal
- Vincent Chancey – vokal
- Earl McIntyre – vokal
- James Guthrie – lydteknikar
- Hipgnosis – plateomslag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nick Mason's Fictitious Sports» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Vernon Fitch. «Pink Floyd Archives - Nick Mason LP Discography». The Pink Floyd Archives. Henta 10. juli 2019.
- ↑ Fictitious Sports på Allmusic
- ↑ Fictitious Sports på Allmusic
- ↑ Fictitious Sports på Allmusic
- ↑ http://www.allmusic.com/album/r44232 Allmusic
- ↑ I følgje plateomslaget.
- ↑ 7,0 7,1 «The Amazing Pudding Reference Guide on Pink Floyd songs and records». Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 8. mars 2011.