Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Falkenberg

Koordinatar: 56°54′00″N 12°29′00″E / 56.90000°N 12.48333°E / 56.90000; 12.48333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

56°54′00″N 12°29′00″E / 56.90000°N 12.48333°E / 56.90000; 12.48333

Falkenberg
Land  Sverige
Areal 2 415 km²
Folketal 28 747 (31. desember 2020)
Kart
Falkenberg
56°54′05″N 12°29′50″E / 56.901418059705°N 12.497089901261°E / 56.901418059705; 12.497089901261
Wikimedia Commons: Falkenberg, Sweden
Gamlebyen i Falkenberg

Falkenberg er ein svensk by og centralort i Falkenberg kommun i Halland län i landskapet Halland. I 2005 hadde byen 18 972 innbyggjarar.

Borga Falkenbergshus blei bygd ved ein foss på sørsida av elva Ätran ein gong i slutten av 1200-talet medan Erik Menved var konge. Ho blei den siste utposten til den danske kongen mot nord. På den andre sida av elva, skiftevis under svensk og norske styre, voks handelsplassen Ätraby fram. Fleire kongeleg møter skal ha funne stad i området, og det var herfrå at Kristoffer II gav marknadsbyprivilegium for Halmstad.

Borga brann fleire gonger, og etter den siste brannen i 1434 overtok namnet til borga i byen. Falkenberg fekk bystatus i 1558.

I dag framstår Gamla Stan med St. Laurentii kyrkje frå 1300-talet, som ein av dei best bevarte historiske bykjernene i Sverige.

Kjende personar frå Falkenberg

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]