Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Eurovision Song Contest 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 2001
Offisiell tittel
46. Eurovision Song Contest
Dato
Finalen 12. mai 2001
Vertskap
Stad
Parken Stadion i København i Danmark
Programleiar(ar)
Natasja Crone Back
Søren Pilmark
Kringkastar(ar)
Danmarks Radio (DR)
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Antal bidrag
23
Attende
Bosnia-Hercegovina
Hellas
Litauen
Polen
Portugal
Slovenia
Ikkje med
Austerrike
Belgia
Finland
Kypros
Makedonia
Romania
Sveits
Kart
Røysting
Vinnar
Estland med «Everybody» av Tanel Padar, Dave Benton og 2XL
Eurovision Song Contest
Stockholm 2000 Tallinn 2002

Eurovision Song Contest 2001 var den 46. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga blei arrangert laurdag 12. mai 2001 av Danmarks Radio. Finalen fann stad i Parken Stadion i København i Danmark, og programleiarar var Natasja Crone Back og Søren Pilmark. Dette var andre gongen Danmark arrangerte tevlinga; fyrste gongen var i Tivolis Koncertsal i København i 1964.

23 land deltok i finalen, og vinnaren blei Estland med songen «Everybody», framført av Tanel Padar, Dave Benton og gruppa 2XL. Med unntak av sigeren til Jugoslavia i 1989 var dette var fyrste gongen eit land frå den tidlegare austblokka vann tevlinga. Vertslandet Danmark blei nummer to, mens Hellas fekk sin beste plassering til då med ein tredjeplass. Noreg markerte seg i andre enda av resultatlista og enda på delt sisteplass saman med Island. Det norske bidraget var «On My Own», sungen av Haldor Lægreid. Sisteplassen medførte at Noreg måtte stå over tevlinga i 2002.

Parken Stadion fekk bygga på eit mobilt tak i anledning Eurovision Song Contest.

Danmark og kringkastaren DR var vertskap etter at Olsen Brothers vann tevlinga i 2000 med songen «Fly on the Wings of Love». Dette var fyrste gang på 37 år at tevlinga blei arrangert i Danmark. Til programleiarar valde kringkastaren journalisten Natasja Crone Back og skodespelaren Søren Pilmark.[1] Logoen var i klassisk dansk minimalisme: fire sirklar som saman danna ei hjarteform. Logoen blei gjenskapt på scena, ved at ljosanlegget var laga som dei fire sirklane.[2]

DR hadde lenge problem med å finne ein passende arena for Eurovision Song Contest, og vurderte fleire byar.[3] Til slutt la kanalen finalen til hovudstaden København og fotballstadionet Parken Stadion med kapasitet til 38 000 tilskodarar. Men, anlegget mangla tak, noko som er eit krav for å kunne huse tevlinga. Stadioneigarane fekk bygga eit tak, som blei ferdig kort tid før prøvene starta.[2] Arenaen er framleis den største som nokon gong er brukt i tevlinga.[4]

Kvalifisering

[endre | endre wikiteksten]

Sidan stadig fleire land ønskte å delta i Eurovision Song Contest, hadde EBU innført eit mer permanent kvalifiseringssystem frå 1997 for å halde talet på deltakarland nede. Eit land som ikkje var kvalifisert eit år, fekk automatisk rett til å delta året etter.[5][6]

I tillegg fekk landa som måtte stå over finalen året før, automatisk plass: Bosnia-Hercegovina, Hellas, Litauen, Polen, Portugal og Slovenia. Dei øvrige plassane blei fylte opp av dei tolv landa med høgast gjennomsnittspoengsum frå femårsperioden 19962000.[7] Dette gjorde at Austerrike, Belgia, Finland, Kypros, Makedonia, Romania og Sveits måtte stå over dette året.[2] Italia, Slovakia og Ungarn var no permanent fråverande frå Eurovision Song Contest.

Dette var siste gongen kvalifiseringsordninga frå 1997 var i bruk. Frå 2002 av brukte EBU utslagsmetoden som blei brukt i 1994 og 1995: kom eit land på ein av dei siste plassane det eine året, fekk det ikkje delta året etter.

I tillegg til dei fire store, og landa som ikkje feekk delta i 2001, var det berre dei 15 best plasserte landa i 2001 som var kvalifisert til finalen i 2002.[2][4] I ettertid blei dette utvida til dei 17 best plasserte landa, noko som opna opp for at også Israel og Portugal blei kvalifiserte til 2002. Men Portugal takka nei til plassen, slik at Latvia, som blei nummer 18, fekk plassen i staden. Latvia vann tevlinga året etter.[8]

Kvalifiseringstabell for 2001[a]
Rang Land Snitt Mottatte poeng per år[9][10][11][12][13]
1996 1997 1998 1999 2000
Automatisk kvalifisert som fjorårsvinnar og vert
1 Danmark 97,00 Ikkje kval. 25 71 195
Kvalifisert etter å ha stått over i 2000
2 Bosnia-Hercegovina 40,33 13 22 86
3 Slovenia 35,75 16 60 17 50
4 Portugal 35,00 92 0 36 12
5 Polen 30,25 31 54 19 17
6 Hellas 29,00 36 39 12
7 Litauen 13,00 13
Kvalifisert som ein av «dei fire store»
8 Storbritannia 107,20 77 227 166 38 28
9 Tyskland 86,00 Ikkje kval. 22 86 140 96
10 Spania 30,60 17 96 21 1 18
11 Frankrike 27,00 18 95 3 14 5
Kvalifisert på bakgrunn av høgaste snittpoengsum 1996–2000
12 Latvia 136,00 136
13 Irland 98,60 162 157 64 18 92
14 Russland 94,00 Ikkje kval. 33 155
15 Israel 90,67 Ikkje kval. 172 93 7
16 Sverige 88,00 100 36 53 163 88
17 Malta 80,80 68 66 165 32 73
18 Kroatia 80,40 98 24 131 79[b] 70
19 Estland 80,00 94 82 36 90 98
20 Nederland 68,80 78 5 150 71 40
21 Island 65,00 51 18 146 45
22 Noreg 57,00 114 0 79 35 57
23 Tyrkia 56,60 57 121 25 21 59
Ikkje kvalifisert for finalen i 2001
24 Belgia 46,00 22 122 38 2
25 Austerrike 44,75 68 12 65 34
26 Kypros 43,40 72 98 37 2 8
27 Makedonia 22,50 Ikkje kval. 16 29
28 Finland 16,33 9 22 18
29 Romania 15,50 Ikkje kval. 6 25
30 Sveits 10,25 22 5 0 14
Notar
  1. Tabellen er rangert etter kriterium-rekkefølgja som oppgitt i regelverket. Snittpoengsummen er utrekna ved å summere alle poenga som kvart land hadde mottatt i dei fem føregåande finalane, og deretter dele totalsummen med talet på deltakingar til det aktuelle landet.
  2. Kroatia fekk 118 poeng i 1999, men blei trekt 33 prosent av poengsummen til utrekninga av femårssnittet. Dette som straff for at landet hadde brukt ferdiginnspelt bakgrunnsvokal i sitt 1999-bidrag.

Programmet starta med at fjorårsvinnarane Olsen Brothers kom på scena i Parken og song vinnarsongen «Fly on the Wings of Love», før dei fortsatte med sin nyaste singel, «Walk Right Back». Deretter kom programleiarane Natasja Crone Back og Søren Pilmark på scena og ønskte velkommen til finalen. Som en vri var heile manuset til programleiarane dette året på rim.[1]

Deretter starta presentasjonen av dei 23 bidraga. Rekkefølgja var avgjord ved loddtrekking; Nederland starta, mens vertslandet Danmark avslutta. Noreg hadde startnummer fire. Kvart bidrag blei introduserte med postkort som viste bilete av det moderne Danmark innan alt frå geografi, turisme og industri, til kunst og kultur.

Engelsk var det klårt mest dominerande språket, og heile 20 av landa song heilt eller delvis på engelsk. Blant anna song Frankrike og Tyrkia delar av songane sine på engelsk for fyrste gang.

Pausenummeret var ved popgruppa Aqua som framførte eit potpurri av sine største hits som «Barbie Girl», «Around the World» og «Turn Back Time». På slutten av nummeret opptredde også den danske gruppa Safri Duo.

På førehand var Frankrike, Hellas, Slovenia og Sverige dei største favorittane til å vinne tevlinga.[2] Avrøystinga utvikla seg i staden til å bli eit kappløp mellom Estland og Danmark, med Hellas og Frankrike like bak. Til slutt drog Estland i frå og vann uventa med sin åttitalsinspirerte «Everybody». Dave Benton, som utgjorde den eine halvparten av vinnarduoen, kjem opphavleg frå Aruba og blei den fyrste farga artisten til å vinne Eurovision Song Contest. Benton hadde tidlegare budd i Noreg og spelt på danskeferga mellom Kristiansand og Hirtshals.[14] Vinnarsongen fekk toppoeng frå heile ni land, men fekk liten kommersiell suksess etter sigeren.[4] I staden var det tredjeplassen, Hellas med Antique og «(I Would) Die for You», som blei den store hiten i Europa dette året. I Noreg låg det greske bidraget på VG-lista i fire veker, mens vinnarlåten ikkje nådde lista.[15]

Det norske bidraget

[endre | endre wikiteksten]

Det norske bidraget var «On My Own», framført av musikalsongaren Haldor Lægreid. Han hadde vunne ein klår siger i den norske finalen i Oslo Spektrum i februar. Det norske bidraget var skrive av Ole Henrik Antonsen, Tom-Steinar Hanssen og Ole Jørgen Olsen.

I Eurovision Song Contest var Noreg det fjerde landet på scena, og Lægreid hadde med seg koristane Åshild Stensrud, Benedicte Swendgaard, Karin Kvalvaag, Per Øystein Sørensen og Håvard Gryting på scena.[16] I avrøystinga fekk Noreg berre tre poeng frå Portugal og enda med det på sisteplass saman med Island. Den svake plasseringa gjorde at Noreg ikkje fekk delta i tevlinga året etter. Dette var fyrste gongen Noreg blei slått ut av ein finale i Eurovision Song Contest.

Jostein Pedersen kommenterte sendinga på NRK1,[17] mens Stein Dag Jensen kommenterte på NRK P1.[18] Roald Øyen las poenga frå dei norske sjåarane via satellitt frå Oslo. De norske sjåarane hadde Danmark på topp, vinnaren Estland på andreplass, Hellas på tredjeplass og Frankrike på fjerdeplass. 1 503 000 sjåarar såg finalen på NRK1, noko som var på nivå med åra i forveien.[19]

Avrøystinga

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land gav 1–8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittsongar via telefonavrøysting eller som ein kombinasjon av sjåarrøyster og jury. Hellas, Kroatia og Malta brukte kombinert jury og telefonavrøysting, mens Bosnia-Hercegovina, Russland og Tyrkia berre brukte jury, sidan en telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart i desse landa. Dei øvrige landa brukte telefonavrøysting, og det var berre lov å røyste tre gongar per telefon.[20] Sjåarane fekk ti minutt på seg til å røyste. Overdommar for avrøystinga var Christine Marchal-Ortiz frå EBU.

Avrøystinga var svært tett i byrjinga, og fleire land veksla på å leie. Då seks land hadde røysta, leia Estland med 48 poeng. Like bak låg Frankrike og Hellas med 45 poeng, mens Danmark var nummer fire med 41 poeng. Halvvegs uti avrøystinga leia Danmark med 87 poeng, foran Frankrike med 83 og Estland med 82. Deretter fekk Estland fire toppoeng på rad, og tok leiinga med Danmark like bak. Då Estland gav 12 poeng til Danmark, var stillinga Estland 166 mot Danmark sine 165. Då Hellas røysta som nest siste land, blei den estiske sigeren sikra, og Estland vann til slutt med eit forsprang på med 21 poeng til andreplassen Danmark.

Gruppa Aqua skapte kontroversar da dei banna under pauseinnslaget.

Den mangeårige kommentatoren i BBC Terry Wogan var lite imponert over programleiarane og manuset på rim. Fleire gongar omtalte han Back og Pilmark som «den lille havfrua og doktor Død», og la til: «Dette paret kjem til å ta livet av deg».[21] Seinare i sendinga kalla BBC-kommentatoren Back for «tannfeen», berre for å «variere litt».[22] Kvar gong programleiarane kom på skjermen, kom han med syrlege bemerkninger. Blant kommentarane var: «Kvart år tenker du at det ikkje kan bli verre. Og kvart år tek du feil.» Kallenamna og dei sarkastiske kommentarane blei dårleg mottatt i Danmark, og Wogan fekk i ettertid sterk kritikk for kallenamna.[23][24]

Det svenske bidraget, «Listen to Your Heartbeat», blei før tevlinga skulda for å være svært lik det belgiske bidraget frå 1996, «Liefde is een kaartspel». Den belgiske komponistforeininga SABAM meinte songen var eit plagiat, men de svenske låtskrivarane, Henrik Sethsson og Thomas G:son, avviste skuldingane. Dei belgiske komponistene bak «Liefde is een kaartspel» truga med rettslege skritt. Til slutt gjekk det svenske plateselskapet Mariann med på å betale ein kompensasjon for å unngå rettssak.[25]

DR fekk kritikk for pauseinnslaget med popgruppa Aqua. Årsaken var at frontfigur Lene Nystrøm banna på direkten, noko som er i strid med tevlingsreglane. Banninga var planlagt og skjedde då gruppa skulle framføre songen «Barbie Girl». Då vokalist René Dif – i rolla som Ken – sa «Hi, Barbie!», svarte Nystrøm i rolla som Barbie: «Fuck off, Ken!».[26]

Deltakarar

[endre | endre wikiteksten]

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[27] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen finst i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Nederland Michelle «Out On My Own» Engelsk 19 16
02 Island Two Tricky «Angel» Engelsk 22 3
03 Bosnia-Hercegovina Nino Pršeš «Hano» Bosnisk og engelsk 14 29
04 Noreg Haldor Lægreid «On My Own» Engelsk 22 3
05 Israel Tal Sondak «En davar» (אין דבר) Hebraisk 16 25
06 Russland Mumij Troll «Lady Alpine Blue» Engelsk 12 37
07 Sverige Friends «Listen to Your Heartbeat» Engelsk 5 100
08 Litauen SKAMP «You Got Style» Engelsk og litauisk 13 35
09 Latvia Arnis Mednis «Too Much» Engelsk 18 16
10 Kroatia Vanna «Strings of My Heart» Engelsk 10 42
11 Portugal MTM «Só sei ser feliz assim» Portugisisk 17 18
12 Irland Gary O'Shaughnessy «Without Your Love» Engelsk 21 6
13 Spania David Civera «Dile que la quiero» Spansk 6 76
14 Frankrike Natasha St-Pier «Je n'ai que mon âme» Fransk og engelsk 4 142
15 Tyrkia Sedat Yüce «Sevgiliye Son» Tyrkisk og engelsk 11 41
16 Storbritannia Lindsay «No Dream Impossible» Engelsk 15 28
17 Slovenia Nuša Derenda «Energy» Engelsk 7 70
18 Polen Andrzej Piaseczny «2 Long» Engelsk 20 11
19 Tyskland Michelle «Wer Liebe lebt» Tysk og engelsk 8 66
20 Estland Tanel Padar, Dave Benton og 2XL «Everybody» Engelsk 1 198
21 Malta Fabrizio Faniello «Another Summer Night» Engelsk 9 48
22 Hellas Antique «(I Would) Die for You» Gresk og engelsk 3 147
23 Danmark Rollo & King «Never Ever Let You Go» Engelsk 2 177

Poengtavle

[endre | endre wikiteksten]

Landa kunne bruke telefonavrøysting eller ein kombinasjon av jury- og telefonavrøysting. Hellas, Kroatia og Malta brukte kombinert jury- og telefonavrøysting, mens Bosnia-Hercegovina, Russland og Tyrkia berre brukte jury, sidan ei telefonavrøysting ikkje var teknisk gjennomførbart i desse landa. Landene som brukte telefonavrøysting, hadde i tillegg ein reservejury på åtte personar som skulle brukast om telefonavrøystinga svikta, eller plutseleg ikkje kunne gjennomførast. Tavla er orda etter røysterekkjefølgja i finalen.[28][29]

██ Jury ██ Jury og telefonavrøysting ██ Telefonavrøysting

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Nederland 5 1 6 4 16 19
Island 1 2 3 22
Bosnia-Hercegovina 4 10 7 1 7 29 14
Noreg 3 3 22
Israel 6 10 7 2 25 16
Russland 5 3 10 8 4 2 5 37 12
Sverige 7 3 2 8 2 2 6 4 5 8 5 2 8 8 5 7 8 10 100 5
Litauen 5 1 2 4 10 1 5 1 4 2 35 13
Latvia 8 8 16 18
Kroatia 7 10 5 3 10 7 42 10
Portugal 6 12 18 17
Irland 1 5 6 21
Spania 7 2 5 4 12 5 4 7 3 5 6 3 1 1 3 8 76 6
Frankrike 8 4 12 7 2 12 6 7 7 6 12 7 3 1 6 6 10 6 10 4 6 142 4
Tyrkia 3 7 7 7 4 10 3 41 11
Storbritannia 2 3 3 3 3 2 4 1 2 2 3 28 15
Slovenia 4 6 10 6 1 4 7 4 8 2 2 1 6 4 5 70 7
Polen 2 3 5 1 11 20
Tyskland 1 3 8 1 1 10 6 10 6 3 2 4 1 5 1 4 66 8
Estland 12 10 4 10 6 6 8 12 12 2 10 8 8 12 12 12 12 10 12 12 8 198 1
Malta 3 1 5 7 3 1 4 2 1 3 1 2 3 12 48 9
Hellas 6 8 8 8 10 5 12 5 2 5 4 5 12 3 5 7 8 8 8 6 7 5 147 3
Danmark 10 12 12 7 10 6 10 12 8 12 7 4 4 10 10 7 12 12 6 6 177 2

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poenga som blei avgitt under avrøystinga.

Tal Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
9 Estland Hellas, Latvia, Litauen, Malta, Nederland, Polen, Slovenia, Storbritannia, Tyrkia
6 Danmark Estland, Irland, Island, Kroatia, Noreg, Tyskland
3 Frankrike Bosnia-Hercegovina, Portugal, Russland
2 Hellas Spania, Sverige
1 Spania Israel
Malta Danmark
Portugal Frankrike

Kommentatorar og poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Poengopplesarar

[endre | endre wikiteksten]

Kvart land hadde utnemnd ein talsperson som annonserte poenga frå sitt land over satellitt på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkjefølgje som under avrøystinga.[30]

  1. Nederland – Marlayne
  2. Island – Eva María Jónsdóttir
  3. Bosnia-Hercegovina – Segmedina Srna
  4. Noreg – Roald Øyen[31]
  5. Israel – Yoav Ginai[32]
  6. Russland – Larisa Verbitskaja
  7. Sverige – Josefine Sundström
  8. Litauen – Loreta Tarozaitė[33]
  9. Latvia – Renārs Kaupers
  10. Kroatia – Daniela Trbović[34]
  11. Portugal – Margarida Mercês de Melo
  12. Irland – Bláthnaid Ní Chofaigh
  13. Spania – Jennifer Rope
  14. Frankrike – Corinne Hermès[35]
  15. Tyrkia – Meltem Ersan Yazgan
  16. Storbritannia – Colin Berry
  17. Slovenia – Mojca Mavec
  18. Polen – Maciej Orłoś
  19. Tyskland – Axel Bulthaupt
  20. Estland – Ilomai Küttim
  21. Malta – Marbeck Spiteri[36]
  22. Hellas – Aléxis Kostálas[37]
  23. Danmark – Gry Johansen[38][39]


Kommentatorar og kringkastarar

[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste landa som kringkasta finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar og poengopplesare under Eurovision Song Contest 2001 i alfabetisk rekkefølgje etter land:[40]

Kommentatorer og sendinger i deltakerlandene
Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Bosnia-Hercegovina BHRT BHTV 1 Ismeta Dervoz-Krvavac
Danmark DR DR1 Hans Otto Bisgaard og Hilda Heick[41]
Estland Eesti Televisioon ETV Marko Reikop[42]
Eesti Raadio Raadio 2 Vello Rand
Frankrike France Télévisions France 3 Marc-Olivier Fogiel og Dave [43]
Radio France France Bleu Olivier Chiabodo
Hellas ERT ET1 Dafni Bokota[44]
Irland RTÉ RTÉ One Marty Whelan[45]
RTÉ Radio 1 Larry Gogan
Island RÚV Sjónvarpið Gísli Marteinn Baldursson[46]
Israel IBA Kanal 1 Ingen kommentator
Reshet Gimel Daniel Pe'er
Kroatia HRT HRT 1 Ante Batinović[47]
Latvia LTV LTV 1 Kārlis Streips
Litauen LRT LRT Darius Užkuraitis
Malta PBS TVM Alfred Borg
Nederland NOS Nederland 2 Willem van Beusekom[48]
Noreg NRK NRK1 Jostein Pedersen[17]
NRK P1 Stein Dag Jensen[18]
Polen TVP TVP1 Artur Orzech[49]
Portugal RTP RTP1 Eládio Clímaco[50]
Russland ORT ORT Aleksandr Anatoljevitsj, Konstantin Mikhajlov og Aleksej Manujlov
Slovenia RTVSLO SLO1 Andrea F
Spania TVE La Primera José Luis Uribarri[51]
Storbritannia BBC BBC One Terry Wogan
BBC Radio 2 Ken Bruce
Sverige SVT SVT2 Henrik Olsson[52]
SR SR P3 Carolina Norén[53]
Tyrkia TRT TRT 1 Ömer Önder
TRT Radyo 3 Ümit Tunçağ
Tyskland ARD Das Erste Peter Urban[54]
Deutschlandfunk/NDR 2 Thomas Mohr
Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land
Land Kringkastar Kanal Kommentator(ar)
Austerrike ORF ORF 1 Andi Knoll[55]
FM4 Stermann & Grissemann[56]
Australia SBS SBS TV Terry Wogan og Effie Stephanidis, vist i opptak uten postkort og avstemning[57][58][59]
Belgia RTBF RTBF La Une Jean-Pierre Hautier[43]
VRT VRT TV1 André Vermeulen og Anja Daems[60]
Finland Yle Yle TV1 Jani Juntunen og Asko Murtomäki[61][62]
Yle Radio Vega Ukjent
Jugoslavia RTS YU Info Ukjend, redigert opptak[63]
Kypros RIK RIK 1 Evi Papamikhail [64]
Makedonia MRT MTV 2 Milanka Rasjik
Romania TVR TVR2 Andreea Marin og Leonard Miron
Sveits TV DRS SF2 Sandra Studer
TSR TSR 1 Phil Mundwiller
TSI TSI 1 Jonathan Tedesco
  1. 1,0 1,1 «Natasja Crone taler ud: Sådan var det at være Eurovision-vært». DR (på dansk). 4. februar 2014. Henta 20. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «The end of a decade: Copenhagen 2001». eurovision.tv. 22. desember 2009. Henta 20. november 2017. 
  3. «Grand Prix i København». Dagbladet.no (på norsk). 6. juli 2000. Henta 20. november 2017. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Eurovision Song Contest Copenhagen 2001». eurovision.tv. 2001. Henta 20. november 2017. 
  5. «The Eurovision Song Contest - Example Rules». heyrick.eu. Henta 10. mai 2020. 
  6. «Milestone Moments: 1993/4 - The Eurovision Family expands». eurovision.tv (på engelsk). 18. september 2016. Arkivert frå originalen 13. mai 2018. Henta 19. november 2022. 
  7. «Rules of the Eurovision Song Contest 2001» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion (EBU). Henta 20. november 2022 – via Myledbury.co.uk. 
  8. «Tallinn 2002». eurovision.tv (på engelsk). Henta 12. september 2022. 
  9. «Final of Oslo 1996 – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  10. «Final of Dublin 1997 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. november 2022. 
  11. «Final of Birmingham 1998 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 19. november 2022. 
  12. «Final of Jerusalem 1999 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 20. november 2022. 
  13. «Final of Stockholm 2000 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 20. november 2022. 
  14. «Og vinneren kom fra danskebåten». Dagbladet.no (på norsk). 13. mai 2001. Henta 20. november 2017. 
  15. «VG-lista for 'Die For You'». VG Nett. Henta 20. november 2017. 
  16. Nødset, Geir Hopen (4. mai 2001). «Bakmennenes Grand Prix». Nordlys. s. 99. 
  17. 17,0 17,1 «Alt du trenger å vite om MGP – Melodi Grand Prix – Melodi Grand Prix – NRK». Nrk.no. 27. mai 2003. Henta 9. august 2012. 
  18. 18,0 18,1 NRK (11. mai 2001). «Grand Prix i radioen». NRK (på norsk). Henta 23. august 2017. 
  19. Trulsen, Ola Nymo (26. mai 2015). «Høyeste Eurovision-seertall siden 2010». NRK (på norsk). Henta 20. november 2017. 
  20. «Rules of Eurovision Song Contest 2001» (PDF). myledbury. Henta 9. november 2014. 
  21. Greenwood, Carl (31. januar 2016). «Terry Wogan's most brutal Eurovision putdowns». mirror. Henta 20. november 2017. 
  22. «Eurovision and the jibe that made me Public Enemy No1». Mail Online. Henta 20. november 2017. 
  23. Hegtun, Halvor (31. januar 2016). «Terry "Norway Zero points" Wogan er død». Aftenposten. Henta 20. november 2017. 
  24. Evensen, Geir (16. mai 2001). «Wogan i hardt vær». NRK (på norsk). Henta 20. november 2017. 
  25. «Eurovision Swedish entry 2001 now officially plagiarism - ESCToday.com». Eurovision News, Polls and Information by ESCToday (på engelsk). 9. august 2003. Henta 20. november 2017. 
  26. «Aquas pinlige playback». Dagbladet.no (på norsk). 13. mai 2001. Henta 20. november 2017. 
  27. «Final of Copenhagen 2001 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 4. september 2022. 
  28. «Eurovision Song Contest 2001 – Scoreboard». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 25. august 2017. Henta 24. august 2017. 
  29. «Results of the Final of Copenhagen 2001 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 12. september 2022. 
  30. «Rules of the 44th Eurovision Song Contest, 1999» (PDF). Den europeiske kringkastingsunion. Arkivert frå originalen (PDF) 25. februar 2021. Henta 13. mars 2021. 
  31. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  32. «פורום אירוויזיון». Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 9. august 2012. 
  33. BNS. «Šeštadienį Kopenhagoje - "Eurovizijos" konkursas - DELFI Pramogos». Pramogos.delfi.lt. Henta 9. august 2012. 
  34. «• Pogledaj temu - SPOKESPERSONS». Forum.hrt.hr. 29. februar 2008. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  35. «Concours Eurovision de la Chanson • Consulter le sujet - Porte-paroles des jurys des pays francophones». Eurovision.vosforums.com. Henta 9. august 2012. 
  36. [1] [daud lenkje]
  37. «Εκφωνητές της ΕΡΤ για τις ψήφους της Ελλάδας στην EUROVISION – side 3». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 11. september 2012. Henta 9. august 2012. 
  38. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  39. «Forside». esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  40. «Eurovision Song Contest 2001 – full cast». imdb.com. Henta 25. august 2017. 
  41. «Danske kommentatorer og pointsoplæsere». Esconnet.dk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 21. april 2012. 
  42. «Estonia: Sahlene to be ETV's spokeperson». Arkivert frå originalen 2. september 2011. Henta 7. februar 2016. 
  43. 43,0 43,1 Christian Masson. «2001 – Copenhague». Songcontest.free.fr. Henta 9. august 2012. 
  44. «Η Δάφνη Μπόκοτα και η EUROVISION (1987–2004)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 12. september 2012. Henta 10. august 2012. 
  45. «RTÉ so lonely after loss of Gerry – Marty». 20. mai 2010. Henta 29. mai 2010. «He has been providing commentary for Irish viewers since 2000 and maintains great enthusiasm for the much lampooned contest.» 
  46. «Dagblaðið Vísir – DV, 12.05.2001». Timarit.is. Henta 9. august 2012. 
  47. «• Pogledaj temu - EUROSONG 2009». Forum.hrt.hr. Arkivert frå originalen 14. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  48. «Nederlandse televisiecommentatoren bij het Eurovisie Songfestival» (på nederlandsk). eurovisionartists.nl. Henta 24. juli 2012. 
  49. «Zobacz temat – Eurowizyjna gra». Eurowizja.Com.Pl. Arkivert frå originalen 23. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  50. «Comentadores Do ESC - escportugalforum.pt.vu | o forum eurovisivo português». 21595.activeboard.com. Henta 10. august 2012. 
  51. «Uribarri commentator Eurovision 2010» (på spansk). Foro EuroSong Contest. Arkivert frå originalen 17. mars 2012. Henta 24. juli 2012. 
  52. «Infosajten.com». Infosajten.com. Arkivert frå originalen 18. juli 2012. Henta 9. august 2012. 
  53. «Swedes stay at home with Eurovision fever». The Local. 16. mai 2009. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. 
  54. «Dr. Peter Urban kommentiert - Düsseldorf 2011». Duesseldorf2011.de. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  55. Fasching, Christiane (26. mai 2015). «ESC-Kommentator Andi Knoll: „Heinz Prüller bin ich keiner“ | Tiroler Tageszeitung Online - Nachrichten von jetzt!». Tiroler Tageszeitung Online (på tysk). Arkivert frå originalen 21. august 2017. Henta 12. september 2022. 
  56. «Song Contest mit Stermann & Grissemann». wien.orf.at (på tysk). 1. mai 2012. Henta 20. november 2022. 
  57. «The special relationship: Australia and its love of Eurovision». ESC Insight - Home of the Unofficial Eurovision Song Contest Podcast. 26. januar 2011. Henta 20. november 2022. 
  58. «SBS Annual Report 2000-01» (PDF). Årsrapport for SBS TV 2000–01. Januar 2002. Arkivert frå originalen (PDF) 22. september 2007. 
  59. Matthews, Alana (12. mai 2022). «Looking back at Australia's Eurovision commentary on SBS». aussievision (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. august 2022. Henta 11. desember 2022. 
  60. «Congratulations: 50 jaar Songfestival!». VRTFansite.be. Arkivert frå originalen 25. mars 2012. Henta 9. august 2012. 
  61. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 9. august 2012. 
  62. Operaattorit (12. mai 2001). «tv1 4.00 Uutisikkuna 32973560 8.00...». Helsingin Sanomat (på finsk). Henta 20. november 2022. 
  63. «Nostalgični RTV press clipping». rtvforum.net. Arkivert frå originalen 29. september 2015. Henta 2. september 2015. 
  64. Savvidis, Christos (OGAE Cyprus)