Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Europaveg 136

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europaveg 136
Vegnummerskilt riksveg E 136
Strekning
ÅlesundDombås
Europaveg 136

Strekninga til E136
Europaveg 136

E136 gjennom Møre og Romsdal og Oppland
Informasjon
Lengd 176,4 km
Status riksveg
Tilstøytande vegar
Europaveg 136 Europaveg 136

Europaveg 136 (E136) er ein europaveg som går frå Ålesund gjennom Romsdalen til Dombås der han møter E6. Mellom Spjelkavik (Ålesund kommune) og Brastad/Skorgenes (i Vestnes) følgjer han same trasé som E39. Vegstrekninga heitte tidlegare europaveg 69, før stamvegreforma 1992 gjorde han til stamvegen riksveg 9. Kring 2000 fekk han på ny europavegstatus.

Heile traseen går såleis: Ålesund sentrum, Spjelkavik, Sjøholt, Kjelbotnen (Vestnes), Vikebukt, Åndalsnes, Romsdalen, Lesja, Dombås. Lengda til vegen (bortsett frå felles trasé med E39) er 176,4 km, der 115,6 km i Møre og Romsdal og 60,8 km i Oppland. Ved Horgheim i Romsdalen passerer det i gjennomsnitt 1800 køyretøy i døgnet, av dette 25 % tungtransport. Ved Bjorli passerer om lag 1600 køyretøy, 26 % tungtransport. I juli er døgntrafikken opp mot 3500 køyretøy, medan den i januar er ned mot 1100.[1]

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]
Ålesund
Ålesund
  • Fv390 Ivar Aasens gate, frå Ålesund sentrum (Skutvika) til Slinningen (4,8 km)
  • Notenesgata/Korsegata → ferje Hurtigruta, biler kan takast med.
  • Fv395 Røysegata til Fv399 Nørvegata (2,3 km)
  • Europaveg 136 Ålesund, til Ålesund lufthamn, Vigra
  • Fv399 Nørvegata frå Nørvevika til Åse
  • tunnel Sørnestunnelen (236 m)
  • Fv399 Borgundvegen nord til Nørvevika
  • bru Nørvasundbrua (ca. 90 m)
  • Fv399 Borgundvegen sør til Åse
  • tunnel Skuggetunnelen (190 m)
  • Rundkøyring Fv398 Lerstadvegen frå Lerstad til Ytterholen
  • tunnel Hatlaåstunnelen (323 m)
  • Rundkøyring Fv399 Borgundvegen, Åse
  • Fv396 Borgundfjordvegen frå Åsestranda til Europaveg 136 Nedregården
  • Rundkøyring Fv111 Borgundvegen frå Spjelkavik til Brusdal
  • Rundkøyring Europaveg 136 Breivika/Spjelkavik, felles trasé til Kjelbotnen, Fv392 til Fv398 Lerstadvegen (0,2 km)
  • Fv110 til Brusdalsvegen og til 661 Digernes, Fv398 Lerstadvegen
Skodje
Ørskog
Sjøholt
Vestnes
Rauma
Vågstrandstunnelen under bygging (april 2013).
Oppføring av skredvern (mur) langs horgheimsfyllingen ved foten av Romsdalshorn i 2018. Trolltindane til venstre.
Trollveggen og Trolltindan.
E136, Raumabanen, campingplass og Rauma i forgrunnen.
E136 ved Verma nedanfor fylkesgrensa.
Lesja
Dovre

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Statens vegvesen trafikktelling, tall for 2011 http://www.vegvesen.no/Fag/Trafikk/Trafikkdata/Trafikkregistreringer Arkivert 2015-04-30 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]