Eten
Utsjånad
- Må ikkje forvekslast med Etan.
Eten (C2H4) eller etylen er ei organisk sambinding av karbon og hydrogen, og det enklaste alkenet. Det er ein fargelaus gass. Dei to karbonatoma er bunde saman med ei dobbeltbinding. Dette gjer eten til eit umetta hydrokarbon. Alle atoma ligg i det same planet.
Eten kan polymeriserast for å danna polyeten. Dette er ein mykje brukt plast.