Ernesto Canto
Ernesto Canto | |
Statsborgarskap | Mexico |
Fødd | 18. oktober 1959 Mexico by |
Død | 20. november 2020 (61 år) Mexico by |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984 |
Ernesto Canto Gudiño (18. oktober 1959–20. november 2020) var ein meksikansk kappgjengar som vart verdsmeister på 20 kilometer i 1983 og olympisk meister i 1984.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Canto vann i 1981 20 km kappgang i IAAF-verdscupen. Ved verdsmeisterskapen i Helsinki i 1983 rykte han frå tetgruppa etter 15 km og sikra seg gullmedaljen med ein margin på 10 sekund til andremann. Kort tid etter sigra han også i panamerikaleikane i Caracas. Under dei olympiske leikane 1984 i Los Angeles tok han gullmedaljen på 20 km etter ein iherdig kamp mot landsmannen Raúl González (sølv) og italienske Maurizio Damilano (bronse). Sidan vart han diskvalifisert i VM i friidrett 1987 og i Sommar-OL 1988. Han steig av idretten etter å ha vort nummer 29 i Barcelona-OL 1992.
Canto døydde av kreft i bukspyttkjertelen og levra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ernesto Canto» frå Wikipedia på tysk, den 23. september 2023.
- «Ernesto Canto» (på engelsk). Olympedia.org. Henta 18. april 2024.
- Einskildmenn
- Fødde i 1959
- Døde i 2020
- Meksikanske kappgjengarar
- Verdsmeistrar i friidrett for Mexico
- Olympiske meistrar for Mexico
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1984
- Meksikanske deltakarar under sommar-OL 1984
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984
- Meksikanske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Meksikanske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Deltakarar under VM i friidrett 1983