Epping
Epping | ||
---|---|---|
Del av hovudgata i Epping og kyrkja St. John the Baptist. | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Essex | |
Distrikt | Epping Forest | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
11 047 | |
Koordinatar | 51°42′N 0°7′E / 51.700°N 0.117°E | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | CM16 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1992 | |
Epping er ein marknadsby og eit verdsleg sokn i Essex i England. Byen er administrasjonssenter for distriktet Epping Forest.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg omkring 27 km nordaust for sentrum av London, i den nordlege delen av Epping Forest. Han ligg på ein rygg mellom elvane Roding og Lee.
Dei fleste av dei omkring 11 000 innbyggjarane (folketeljing 2001) bur i nærleiken av hovudvegen B1393 og Epping stasjon. Omkring tusen menneske bur i landsbyen Coopersale, som er ein del av det verdslege soknet. Dei vert derfor tald med blant innbyggjarane til byen, sjølv om det ligg eit skogområde mellom sjølve Epping og Coopersale.
Byen ligg nord for krysset mellom M11 og M25 ved Theydon Gardon, og nær kryss 26 på M25 og kryss 7 på M11.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Fotballklubben Epping Town FC vart nedlagt i 1984.
Samband til Tyskland
[endre | endre wikiteksten]Epping er kjent i Tyskland frå fleire lærebøker i engelsk, der han er heimbyen til dei fiktive personane Peter, David, Betty og Helga. Han er venskapsby med Eppingen i Baden-Württemberg.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Epping» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2011.