Ellen
Utsjånad
Ellen er eit kvinnenamn som kan vera ei dansk-norsk eller engelsk avleiing av et greske Helena, som betyr 'lys' eller 'lysberer', eller ei nederlandsk kortform for Eleonora, som har noko uklar tyding.
Ellen har namnedag den 21. mai i Noreg, 18. august i Sverige og 10. februar i Finland.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Ellen er eit vanleg namn i Skandinavia, Finland og Belgia. Det er også noko brukt i USA og Tsjekkia.
I Danmark var Ellen mykje brukt på jentebarn fødde først på 1900-talet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Ellen Aslaksdatter Skum (1827–1895), norsk reindriftssame og medverkande i Kautokeinoopprøret
- Ellen Terry (1847-1928), britisk skodespelar
- Ellen Einan (f. 1931), norsk forfattar
- Ellen Burstyn (f. 1932), opphavleg Edna Rae Gillooly, USA-amerikansk skodespelar
- Ellen Johnson Sirleaf (f. 1939) første kvinnelege presidenten av Liberia
- Ellen Auensen (f. 1944), norsk illustratør
- Ellen Holager Andenæs (f. 1947), norsk advokat
- Ellen Horn (f. 1951), norsk skodespelar og kulturminister
- Ellen Nikolaysen (f. 1951), norsk skodespelar
- Ellen Mortensen (f. 1953), norsk professor
- Ellen DeGeneres (f. 1958), USA-amerikansk komikar, skodespelar og talkshow-vert
- Ellen Chr. Christiansen (f. 1964), norsk stortingspolitikar
- Ellen Hambro (f. 1965), norsk direktør for Statens forurensningstilsyn
- Ellen Arnstad (f. 1965), norsk journalist og redaktør
- Ellen Ugelvik (f. 1971), norsk pianist
- Ellen Dorrit Petersen (f. 1975), norsk skodespelar
- Ellen Kathrine Lie (f. 1976), norsk skøyteløpar
- Ellen van Dijk (f. 1987), nederlandsk bane- og landevegssyklist
- Ellen Sejersted Bødtker, norsk harpist
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- Ellenvatnet er det norske namnet på ein innsjø på grensa mellom Sør-Varanger og Finland.
- Den amerikanske Fjernsynsserien Ellen med Ellen DeGeneres i hovudrolla, gjekk også på NRK ein periode.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ellen» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2009.
- behindthename.com
- «Ellen» i Store norske leksikon, snl.no.