Electric Arguments
Electric Arguments Studioalbum av The Fireman | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. november 2008 | |
Innspelt | 2007–2008 | |
Sjanger | Eksperimentell rock, ambient, electronica, neo-psykedelia, alternativ rock | |
Lengd | 63:05 | |
Selskap | One Little Indian, ATO (USA) | |
Produsent | The Fireman | |
The Fireman-kronologi | ||
---|---|---|
Rushes (1998) |
Electric Arguments | |
Paul McCartney-kronologi | ||
Amoeba's Secret | Electric Arguments | Good Evening New York City
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
The A.V. Club | B–[2] |
CHARTattack | [3] |
The Guardian | [4] |
Los Angeles Times | [5] |
Mojo | [6] |
The Observer | [7] |
Paste | 8.6/10[8] |
Pitchfork Media | 7.3/10[9] |
Rolling Stone | [10] |
Spin | [11] |
Uncut | [12] |
Electric Arguments er det tredje albumet til The Fireman, ein duo som består av Paul McCartney og produsenten Youth. Albumet kom ut 24. november 2008 på nettsida til duoen.[13] Det er den første Fireman-utgjevinga som McCartney offisielt vedkjente seg, og dei to medlemmane i duoen står begge omtalte på omslaget, i motsetnad til dei to tidlegare albuma deira.
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]I motsetnad til tidlegare Fireman-album er det mykje vokal på Electric Arguments. Kvar av songane vart spelte inn på ein dag og sjølve albumet vart fullført på 13 dagar, spreidd utover eitt år.[13] Allbumet inneheld eit løynd spor, «Road Trip», etter «Don't Stop Running».[14] Det vart laga remiksar av «Lifelong Passion», kalla «Sawain Ambient Acapella» og «Sawain Instrumental Dub».[14] Instrumentale miksar av «Sun Is Shining» og «Traveling Light» vart òg laga, kalla «Equinox Instrumental» og «Travelling Light Instrumental».[14] Det vart laga |instrumentale dub-miksar av «Sing the Changes» og «Don't Stop Running», kalla «Morning Mist Instrumental Dub» og «Wickerman Ambient Dub».[14]
Duoen lånte tittelen «Electric Arguments» frå diktet «Kansas City to St. Louis» av Allen Ginsberg. I magasinet Wired sa McCartney dette kom av at han «hadde sett etter ein vakker ordkombinasjon og ikkje tydinga deira.»[15]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Electric Arguments debuterte på 79. plassen på UK Album Charts, og markerte første gongen The Fireman gjekk inn på den britiske lita. Duoen kom òg for første gongen inn på Billboard 200, der det nådde 67. plassen. Electric Arguments fekk god kritikk i musikkpressa og på Metacritic fekk albumet ein score på 74 av 100, basert på 23 meldingar (18 positive, fire middels og ein negativ).[16]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Paul McCartney.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Nothing Too Much Just Out of Sight» | 4:55 |
2. | «Two Magpies» | 2:12 |
3. | «Sing the Changes» | 3:44 |
4. | «Travelling Light» | 5:06 |
5. | «Highway» | 4:17 |
6. | «Light from Your Lighthouse» | 2:31 |
7. | «Sun Is Shining» | 5:12 |
8. | «Dance 'Til We're High» | 3:37 |
9. | «Lifelong Passion» | 4:49 |
10. | «Is This Love?» | 5:52 |
11. | «Lovers in a Dream» | 5:22 |
12. | «Universal Here, Everlasting Now» | 5:05 |
13. | «Don't Stop Running» | 10:31 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
14. | «Sawain Ambient Acapella» (Ein miks av Lifelong Passion, utan trommer og bass.) | 4:53 |
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Electric Arguments har kome ut i fleire versjonar som digital nedlasting, CD, dobbel vinylplate og ei luksusutgåve med 2 LP-ar, 2 CD-ar og 2 DVD-ar i ein tinnboks. Dette bestod av det originale albumet, ein ekstra CD med bonusmiksar og alternative versjonar, ein DVD med HD-lyd, ein DVD med songane delt opp i dei enkelte lydspora, i tillegg til eit omfattande hefte.[17]
- Plate 2 – bonusspor
Alle songar er skrivne av Paul McCartney.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Solstice Ambient Acapella» | 15:11 |
2. | «Travelling Light Instrumental» | 8:16 |
3. | «Wickerman Ambient Dub» | 12:41 |
4. | «Morning Mist Instrumental Dub» | 5:40 |
5. | «Equinox Instrumental» | 8:22 |
6. | «Sawain Ambient Acapella» (A remix of Lifelong Passion, minus trommer and bass) | 4:51 |
7. | «Sawain Instrumental Dub» | 4:51 |
- Plate 3 – DVD - HD-lydinnspelingar
Musikkvideoar og dokumentar om produksjonen av albumet
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Sing the Changes» (musikkvideo) | 3:52 |
2. | «Dance 'til We're High» (musikkvideo) | 3:40 |
3. | «In the Studio» (making-of the album) | 12:41 |
- Plate 4 – DVD - Fleirsporsfiler
Alle songar er skrivne av Paul McCartney.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dance 'til We're High» | |
2. | «Highway» | |
3. | «Light from Your Lighthouse» | |
4. | «Sing the Changes» | |
5. | «Sun Is Shining» |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Electric Arguments» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Stephen Thomas Erlewine. «Electric Arguments > Review». AllMusic. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Keith Phipps (17. desember 2008). «The Fireman Electric Arguments». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 20. desember 2008. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Sheena Lyonnais (12. desember 2008). «The Fireman – Electric Arguments». CHARTattack. Arkivert frå originalen 25. september 2009. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Alex Macpherson (9. november 2008). «The Fireman: Electric Arguments». The Guardian. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Randy Lewis (24. november 2008). «Album review: The Fireman's 'Electric Arguments'». Los Angeles Times. Henta 26. mai 2018.
- ↑ «The Fireman Electric Arguments». Mojo. December 2008. s. 111.
- ↑ Neil Spencer (9. november 2008). «Pop review: The Fireman, Electric Arguments». The Observer. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Brent Dey (12. desember 2008). «The Fireman: Electric Arguments :: Music Reviews». Paste. Henta 26. mai 2018.[daud lenkje]
- ↑ Stuart Berman (24. november 2008). «Album Reviews: The Fireman: Electric Arguments». Pitchfork Media. Henta 10. juli 2016.[daud lenkje]
- ↑ Will Hermes (27. november 2008). «Electric Arguments : the fireman : Review». Rolling Stone. Henta 26. mai 2018.[daud lenkje]
- ↑ David Marchese (December 2008). «The Fireman Electric Arguments». Spin. s. 104. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Peter Paphides (December 2008). «Album review: The Fireman – Electric Arguments». Arkivert frå originalen 3. oktober 2009. Henta 26. mai 2018.
- ↑ 13,0 13,1 «The Fireman Finds Voice With Brand New Album». Paul McCartney.com. 29. september 2008. Arkivert frå originalen 2. desember 2008. Henta 26. mai 2018.
- ↑ 14,0 14,1 14,2 14,3 «The McCartney Recording Sessions – 2008». Arkivert frå originalen 26. april 2014. Henta 26. mai 2018.
- ↑ Buskirk, Eliot Van (18. november 2008). «Video: Paul McCartney and Youth Talk 'The Fireman'». Wired. Henta 18. november 2008.
- ↑ «Critic Reviews for Electric Arguments». Metacritic. Henta 26. mai 2018.[daud lenkje]
- ↑ «The Fireman Music | Electric Arguments produced by Paul McCartney & Youth». paulmccartney.com. Henta 26. mai 2018.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Paul McCartney – Fireman Arkivert 2008-12-01 ved Wayback Machine. – offisiell albumside