Eilif Armand
Eilif Armand | |||
Fødd | 18. mars 1921 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Død | 28. november 1993 (72 år) | ||
Dødsstad | Bergen | ||
Verka som | skodespelar, skribent, teaterskodespelar, filmskodespelar | ||
Ektefelle | Elisabeth Armand | ||
Born | Frøydis Armand, Merete Armand, Gisken Armand, Yngvil Armand |
Eilif Armand (18. mars 1921–28. november 1993) var ein norsk skodespelar som var kjend frå scene og film.
Skodespelar
[endre | endre wikiteksten]Armand debuterte i 1946 på Den Nationale Scene i Barrabas av Nordahl Grieg. Han var tilsett same stad frå 1948 til 1956 og igjen frå 1974. Frå 1958 til 1974 var Armand tilsett ved Nationaltheatret. I denne perioden spelte han 75 roller, blant andre Mikael i Faust (1963), Molvik i Vildanden (1964), professor Turman i Geografi og Kiærlighed (1967), professor Max Weber i Toller (1970), Oswald i Kong Lear, Jesper i Kiærlighed uden Strømper (1971) og John Morton, biskopen av Ely i Richard III's liv og død (1974).
På film har Armand blant anna hatt roller som kontrolløren i Ukjent mann frå 1951, bokbinder Lange i Bergen i Hans Nielsen Hauge frå 1961, kjøpmann Sagen i Broder Gabrielsen frå 1966, Birger, far i Marikens bryllup og den tilknappede i Lukka avdeling.
Lyrikar, omsetjar og litteraturmeldar
[endre | endre wikiteksten]Ved sida av arbeidet som scenekunstnar skreiv Armand òg lyrikk, litteraturmeldingar og omsette nordisk lyrikk. Den kommunistiske avisa Friheten trykte allereie i 1946 Armand si omsetjing av svenske Erik Blomberg sitt dikt «Falskspillere», som Armand hadde henta frå Blomberg si nyaste diktsamling Nattens ögon (1944).[1] Julaftan 1946 trykte Friheten Armand sitt eige dikt med tittelen «Et barn er født - -». Dette diktet opnar med strofene «Så armt forfrosset, grenseløst forlatt / av sol og vind, av mennesker og stjerner, / av selve livets lys! er ingen natt.» I februar 1947 opna Norges Kommunistiske Ungdomsforbund det 23. landsmøtet sitt med opplesing av Armand sin prolog Kjempende ungdom.[2][3] Prologen vart trykt neste dag i Friheten.[4] Publiseringa av tekst i avisa som var hovudorganet til Norges Kommunistiske Parti fall saman med at han var ein av fleire kunstnarar som hausten 1947 signerte eit opprop der dei oppfordra «norske åndsarbeidere» til å røysta på NKP. Oppropet vart innleidd med orda «Den optimismen som ble utløst ved nazismens fall, er hos mange i ferd med å slå om til frykt og manglende tro på framtida.» Blant dei øvrige kunstnarane som underteikna oppropet var André Bjerke, Johan Borgen, Paul Gauguin, Torborg Nedreaas og Inger Hagerup.[5]
1962 melde Eilif Armand lyrikaren Kolbein Falkeid si diktsamling Gjennom et glass-skår i avisa Friheten.[6]
Familie
[endre | endre wikiteksten]Eilif Armand var gift med Elisabeth. Barn deira var skodespelarane Frøydis, Merete og Gisken, og førskolelæraren og barnebokforfattaren Yngvil Armand.
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- Carl Gustav, gjengen og parkeringsbandittene (1982) .... ordføreren
- Forfølgelsen (1981) .... Rasmus Knag, presten
- Kjærleikens ferjereiser (1979) .... Skogman
- Streik! (1975) .... Bjørn Ruud
- Bobbys krig (1974) .... Tusseladden
- Jentespranget (1973)
- Marikens bryllup (1972) .... Birger, far
- Lukket avdeling (1972) .... Den tilknappede
- Broder Gabrielsen (1966) .... kjøpmann Sagen
- To på topp (1965) .... en matros
- Marenco (1964)
- Hans Nielsen Hauge (1961) .... bokbinder Lange i Bergen
- Ukjent mann (1951) .... kontrolløren
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «I synsvinkelen: Falskspillere». Friheten. 13. august 1946.
- ↑ Eilif Armand (24. desember 1946). «Et barn er født». Friheten – via Nasjonalbiblioteket.
- ↑ «NKU's landsmøte åpnet i formiddag». Friheten. 21. februar 1947.
- ↑ «Kjempende ungdom / Eilif Armands prolog ved åpningen av NKU's landsmøte». Friheten. 22. februar 1947.
- ↑ «Fra norske åndsarbeidere». Friheten. 17. oktober 1947.
- ↑ Eilif Armand (14. desember 1962). «Lyriker for ungdommen?». Friheten – via Nasjonalbiblioteket.
- Denne artikkelen bygger på «Eilif Armand» frå Wikipedia på bokmål, den 10. november 2021.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eilif Armand ved The Internet Movie Database (IMDb)