Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Egearhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Egeerhavet)
Sattelittbilete av Egearhavet
Kart

Egearhavet (gresk: Αιγαίον Πέλαγος, Aigaion Pelagos) er ein arm av Middelhavet som ligg mellom den greske halvøya og Anatolia (Litleasia, som no er ein del av Tyrkia). Det er forbunde med Marmarahavet og Svartehavet gjennom Dardanellane og Bosporos.

I oldtida var det ulike forklaringar på namnet til havet. Det vart sagt at det hadde namnet etter ein by; Aegae, etter ei amasonedronning med namn Aegae som drukna i havet, eller etter Aegeus, far til Theseus, som drukna seg i havet då han trudde sonen var død. Ein annan mogeleg etymologi er frå rota Αιγ- (Aeg-) som tyder bølgje, altså bølgja hav som i αιγιαλός (aighialos).

Egearhavet var fødestad for to av dei store sivilisasjonane i oldtida — minoaraneKreta og mykenaranePeloponnes. Seinare utvikla bystatane Athen og Sparta seg saman med mange andre og danna den greske sivilisasjonen. Egearhavet har seinare vore folkesett av persarar, romarar, bysantinarar, venetianarar, seljuktyrkarar og osmanarar.

Det opphavlege demokratiet vart utvikla rundt Egearhavet.

Øyane i Egearhavet

[endre | endre wikiteksten]

Øyane i Egearhavet kan delast inn i sju grupper: Thrakiahavgruppa, Dei egeiske øyane, Dei nordlege Sporadane, Kykladane, Dei saroniske øyane, Dodekanesane og Kreta. Ordet arkipelago blei først nytta om desse øygruppene. Mange av øyene i Egearhavet er forlengingar av fjellkjeder på fastlandet.

Mange av øyene har trygge hamner og bukter, men navigasjon mellom dei er generelt vanskeleg. Fleire av øyane er vulkanske, og nokre har rike førekomstar av marmor og jern. Dei største øyane har fruktbare dalar og sletter. To av dei store øyene i Egearhavet høyrer til Tyrkia: Bozcaada (gresk Ίμβρος, Imvros) og Gökçeada (gresk Τένεδος, Tenedos).