Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Edgar Winter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edgar Winter

Edgar Winter i Gulfstream Park i Hallandale i Florida i 2006.
Fødd28. desember 1946 (77 år)
FødestadBeaumont, Texas
United States
FødenamnEdgar Holland Winter
OpphavUSA
Aktiv1969 til i dag
SjangerRock, pop, jazzfusion, bluesrock, blue-eyed soul, boogierock
InstrumentVokal, piano, klaverinstrument, saksofon, marimba, timbales, clavinet, synthesizer, gitar
Tilknytte artistarJohnny Winter, Rick Derringer, The Edgar Winter Group, Sawbuck, Ringo Starr & His All-Starr Band, David Lee Roth, Todd Rundgren, Ronnie Montrose
PlateselskapEpic, Airline
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
PrisarIAS Freedom Medal

Edgar Holland Winter (fødd 28. desember 1946) er ein USA-amerikansk rock- og bluesmusikar.[1] Han er kjend som ein multi-instrumentalist og spelar klaverinstrument, gitar, saksofon og perkusjon - i tillegg til å syngje. Han hadde suksess i 1970-åra med bandet sitt, The Edgar Winter Group, og populære songar som «Frankenstein»[1] og «Free Ride».

Han voks opp i Beaumont i Texas og er den yngre broren til gitaristen Johnny Winter.[2] Dei to brørne byrja å spele i lag i tenåra, og spelte på lokale pubar, før dei var gamle nok til å kome inn. Blant dei tidlege banda deira var Johnny and the Jammers, the Crystaliers og the Black Plague. På vidaregåande byrja Edgar òg å spele saksofon, og før han var 20 kunne han alt spele klaverinstrument, gitar, bass og trommer.

Edgar fekk platekontrakt med Epic Records i 1970 etter å ha spelt på albumet til broren, Second Winter. Han spelte inn Entrance, der han sjølv spelte dei fleste instrumenta. Han akkompagnerte broren på Johnny Winter And og danna så eit stort blåseensemble kalla White Trash, men gruppa vart oppløyst alt i 1972. Winter samla saman ei ny gruppe og spelte inn to album for Epic Records, White Trash og Roadwork. Singelen hans «Keep Playing That Rock 'n' Roll» nådde 70. plassen på den amerikanske rockelista og albumet Roadwork klatra til 23. plassen på albumlista. Sommaren 1972 danna han the Edgar Winter Group. I januar 1973 gav dei ut They Only Come Out at Night, produsert av gitaristen Rick Derringer, og albumet nådde tredjeplassen på albumlista i USA. Dette albumet inneheld den mest kjende songen til Winter, «Frankestein», som nådde tredjeplassen på singellista i USA i mai 1973.[2] Seinare det året nådde «Free Ride» frå same albumet 14. plassen. Sjølv om han aldri oppnådde like stor suksess igjen, har Winter halde fram å turnere og spele inn plater. Han flytta frå New York City til Beverly Hills i 1989 for å lage filmmusikk, noko han hadde noko suksess med, mellom anna ein noko omarbeidd versjon av «Frankenstein» for filmen Wayne's World II.

Sjølv om dei tidlege 70-tals albuma hans som Entrance, White Trash, They Only Come Out at Night og Shock Treatment er meir bluesprega enn dei seinare albuma hans, er det bluessongar som «Big City Woman» på albuma hans frå 1990-åra, som Not a Kid Anymore (1994) og Winter Blues (1999).[2]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
År Tittel US Top 200
1970 Entrance 196
1971 Edgar Winter's White Trash 111
1972 Roadwork 23
They Only Come Out at Night 3
1974 Shock Treatment 13
1975 Jasmine Nightdreams 69
The Edgar Winter Group with Rick Derringer 124
1976 Together 89
1977 Recycled
1979 The Edgar Winter Album
1981 Standing on Rock
1986 Mission Earth
1994 Not a Kid Anymore
1996 The Real Deal
1990 Live in Japan
1999 Winter Blues
2002 Edgar Winter – The Best Of
2004 Jazzin' the Blues
2008 Rebel Road
År Tittel US Hot 100 UK Singles
1971 «Keep Playin' That Rock 'n' Roll» 70
1972 «I Can't Turn You Loose» 81
1973 «Frankenstein» 1 18
«Free Ride» 14
«Hangin' Around» 65
«We All Had a Real Good Time»
1974 «River's Risin'» 33
«Easy Street» 83
«Someone Take My Heart Away»
1975 «People Music»
1976 «Diamond Eyes»
1979 «Above & Beyond»
«It's Your Life to Live»
1981 «Love Is Everywhere»
  1. 1,0 1,1 Klosterman, Chuck (August 8, 2011). «Frankenstein's Monster». Grantland. Henta 26. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 http://www.allmusic.com/artist/edgar-winter-mn0000178536 på Allmusic]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Edgar Winter