Edwin Henry Landseer
Edwin Henry Landseer | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 7. mars 1802 London |
Død |
1. oktober 1873 (71 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, bygningstegner, raderer |
Språk | engelsk |
Medlem av | Royal Academy of Arts |
Far | John Landseer |
Mor | Jane Potts |
Edwin Henry Landseer på Commons |
Edwin Henry Landseer (7. mars 1802–1. oktober 1873) var ein britisk kunstmålar, bilethoggar og grafikar. Han var fødd og døydde i London.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Landseer måla i den romantiske stilen. Motiva hans var i fremste rekke dyr og natur, særleg hundar og hestar. Hunderasen landseer har namn etter han. Mange av måleria hans er prega av ein tendens som skulle framheve ei moralsk oppfatning, eller fortelje ei soge. Dei sentimentale bileta var svært populære og nådde eit stort publikum gjennom ulike stikk. Hans mest kjende bilete er Monarch of the glen frå 1851.
Som bilethoggar er Landseer kjend for å ha forma dei fira løvefigurane som omgjev statuen av admiral Nelson på Trafalgar Square i London.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Landseer Gallery at MuseumSyndicate Arkivert 2021-05-15 ved Wayback Machine.
- Web Gallery of Art
- The Royal Collection
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon