Drake-likninga
Utsjånad
Drake-likninga er ei enkel matematisk likning innanfor astrobiologien og leitinga etter utanomjordisk intelligens (SETI-prosjektet). Ho vart formulert av astrofysikaren Frank Drake i 1960, og har som mål å syna kor mange intelligente sivilisasjonar med radioteknologi som finst i Mjølkevegen til ein kvar tid.
Likninga
[endre | endre wikiteksten]
Drake-likninga er ei relativt enkel likning, som går ut på multiplikasjonen av ei rekkje variablar:
- er kor mange intelligente sivilisasjonar som eksisterer.
- står for raten for kor ofte nye stjerner vert danna.
- er den luten av stjernene som har planetar.
- står for luten av planetar som potensielt kan utvikla liv per stjerne med planetar.
- er luten av desse planetane som faktisk utviklar liv på eit eller anna tidspunkt.
- er den luten av planetar med liv som utviklar intelligent liv.
- er luten av sivilisasjonar som utviklar teknologi som let seg registrera frå rommet, det vil seie radiosignal eller liknande.
- er lengda på tidsrommet desse sivilisasjonane sender signal ut i rommet.Denne astronomiartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.