Djupfjordbrua
Utsjånad
Djupfjordbrua | |||
Type | vegbru, kassebro | ||
---|---|---|---|
Stad | Moskenes kommune | ||
Opna | 3. juni 2003 | ||
Strekning | Europaveg 10 | ||
Lengd | 259 meter | ||
Kryssar | Djupfjorden | ||
Materiale | stål | ||
Djupfjordbrua 67°54′49″N 13°04′39″E / 67.91361111°N 13.0775°E |
Djupfjordbrua er ei bru som kryssar Djupfjorden i Moskenes kommune i Nordland. Brua er 259 meter lang. Ho vart opna 3. juni 2003 og erstatta ei tidlegare bru over fjorden. Brua er ein del av europaveg 10.
Bygginga av nybrua tok 2 år, noko som var lenger enn planlagd. Under bygginga var det problem med sterk straum, bylgjer og vind i fjorden. Brua, tilkomstvegar og rivinga av den gamle brua kostet om lag 57 millionar kroner.
Den gamle brua var ei hengebru som var bygd i 1959.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen byggjer på «Djupfjordbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 8. mars 2008. Bokmålsartikkelen gjev desse kjeldene:
- Statens Vegvesen om Djupfjordbrua Arkivert 2007-08-10 ved Archive.is