Distriktet Bludenz
Utsjånad
Distriktet Bludenz er eit forvaltningsdistrikt i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike som dekker heile den sørlege halvdelen av forbundslandet. Distriktet har ei flatevidd på 1288 km² og vel 61 000 ibuarar (2013). Det grensar i nord til distrikta Feldkirch og Bregenz, begge i Vorarlberg, i aust til distrikta Reutte og Landeck, begge i forbundslandet Tirol. I sørvest grensar distriktet til kantonen Graubünden og Sveits, i vest til fyrstedømmet Liechtenstein.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Distriktet Bludenz omfattar 29 kommunar. Folketalet i kommunane varierer frå 14 000 til under 300.
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Distriktet Bludenz» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2014.