Distinguished Flying Cross
Utsjånad
Distinguished Flying Cross (DFC) er ein dekorasjon for offiserar i flyvåpenet i Storbritannia og (tidlegare) Samveldet. Medaljen vart tildelt for an act or acts of valour, courage eller devotion to duty whilst flying in active operations against the enemy.
Utmerkinga vart innstiftet 3. juni 1918, og vart opphavleg berre tildelt offiserar i flyvåpenet. Frå den andre verdskrig kunne den òg tildelast offiserar i dei andre våpengreina, og frå 1993 til personell uansett militær grad. Distinguished Flying Medal, som tidlegare vart tildelt menig personell, er ikkje lenger i bruk.
Medaljen gjev rett til å føya til bokstavane DFC etter namnet sit.