Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Diskusjon:Nasjonalisme

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit poeng som kanskje skulle vore med i drøftinga av fransk nasjonalisme er handsaminga av dei nasjonale minoritetane innanfor den franske staten. Eg har sett tal på at berre kring 25% av ibuarane i Frankrike i 1789 snakka fransk. Den franske nasjonalismen er/var inkluderande, men og svært assimilerande. Dette kjem tydeleg fram i skaut-debatten dei siste åra. --Magnus 27. jan 2005 kl. 1205 (UTC)

Spørsmålet er vel om dette er noko som ligg i den revolusjonære/republikanske patriotismen i seg sjølv, eller meir historiske tilfeldigheiter som at Paris gjekk i brodden mens fleire av provinsane var reaksjonære, og at demokratiseringa av landet skjedde i takt med sekulariseringa og delvis som følgje av den, altså i kamp mot kyrkjemakta. Det vi kjem borti er og skilnaden på teori og praksis, der fransk praksis slett ikkje alltid har vore så bra (Algerie!). Eg er ikkje imot å ha med noko om dette, berre det ikkje relativiserer altfor mykje det etter mitt syn grunnleggjande skiljet mellom etnisk og politisk-territoriell nasjonalisme. Har du forslag til formulering? --Erling 27. jan 2005 kl. 1523 (UTC)
Utgangspunktet mitt er at alt for ofte vert 'fransk' nasjonalisme gjeve eit altfor positivt skjer andsynes 'tysk'. Bretonarane, baskarane, oksitanarane, korsikanarane etc, alle har dei fått merka den parisisk-sentralistiske nasjonalismen. Eg skal sjå om eg klarer å skriva noko fornuftig om dette. --Magnus 27. jan 2005 kl. 1623 (UTC)
Gjer det, Magnus. Eg er samd i det du skriv, men er redd for å komplisere ting for mykje i ein kort leksikonartikkel. Men prøv å formulere noko kort og greitt om dette som passar inn einkvan staden i artikkelen, du. --Erling 27. jan 2005 kl. 1702 (UTC)
Eg trur det er viktig å få med nokre døme på negativ språknasjonalisme. Det ville vore fint med noko kort om dette i artikkelen, med lenkje til ein meir utfyllande artikkel. (Fransk språk(politikk), kanskje?) -- Ranveig 27. jan 2005 kl. 2141 (UTC)
Kva tenkjer du på, Ranveig? Det å pressa språket sitt på andre? Norsk-indoktrinering av samar er eit nærliggjande døme. Eller er det negative ting innanfor språkrøkt eller språkvern du tenkjer på? Altså, at det er negativt å krevja ein viss del franskespråkleg musikk på radioen, eller nasjonalistisk motivert rettskriving? --Magnus 28. jan 2005 kl. 1027 (UTC)
Eg tenkte først og framst på undertrykkinga av minoritetsspråk i Frankrike, men Norge er jo òg eit godt eksempel på dette. Det viktigaste er vel å få fram at det finst både positive og negative sider ved språknasjonalisme (gjerne ulike sider av saken i eitt enkelt land), og leggja fram desse utan å dømma for sterkt. -- Ranveig 29. jan 2005 kl. 1515 (UTC)

Start ein diskusjon om Nasjonalisme

Start ein diskusjon