Derbent
Derbent Дербент | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Dagestan | ||
Bystatus | 1840 | ||
Borgarmeister | Feliks Kasiakhmedov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
70 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
107 700 1 538,6 /km² | ||
Koordinatar | 42°04′00″N 48°18′00″E / 42.06667°N 48.30000°E | ||
Høgd over havet | -28 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 36860x | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)87271 | ||
Nettstad: www.derbent.ru |
Derbent (russisk Дербе́нт, azerisk Dərbənd, lezgisk Дербент, avarisk Дербенд, persisk دربند, Darband) er ein by i Republikken Dagestan i Russland med om lag 110 000 innbyggjarar (2007). Han ligg ved kysten av Kaspihavet, rundt 120 km søraust for Makhatsjkala.
Derbent er den sørlegaste byen i Russland og den nest største byen i Dagestan. Den største etniske gruppa er azeriar, følgt av lezginar og tabasaranare. Bynamnet er avleidd av det persiske Darband («lukka port»).
I år 728 invaderte arabarane byen og dei gjorde byen til eit sentrum for kunst og handel. Mongolane erobra byen i 1220. Byen har etter dette høyrt til både persarar og tyrkarar. I 1806 vart byen ein del av Russland.
Dei gamle festningsverka ved byen vart i 2003 innskrive på verdsarvlista til UNESCO.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Derbent» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.