Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Den etiopiske ortodokse kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kross på spiret av ei etiopisk kyrkje.
Foto: Steve Evans

Den etiopiske ortodokse kyrkja er eit uavhengig ortodoks kyrkjesamfunn i Etiopia. Øvste leiaren av kyrkja er ein patriark (arabisk abuna, 'vår far'), erkebiskopen av Etiopia.

Ved slutten av 1900-talet hadde kyrkja over 30 millionar medlemmer; rundt 29 millionar i Etiopia og oppimot 1,8 millionar i Eritrea. Då Eritrea fekk sjølvstende i 1991 blei også Den eritreiske ortodokse kyrkja skild ut som eiga kyrkje.

Liturgien i kyrkja liknar mykje på Den koptiske ortodokse kyrkja sin, men kyrkjene har nokre ulike høgtider. Lenge brukte ein det gamle språket ge'ez som kyrkjespråk. I dag blir det også preikt på modernee språk, som amharinya.

Den etiopiske kyrkja har fleire eigne skikkar og seremoniar. Ein følgjer fleire jødiske kosthaldslovar og praktiserer omskjering av gutebarn. Både laurdag og sundag er rekna som heilagdagar

Kristendommen kom til Etiopia på 300-talet gjennom to greske brør frå Týros, Edesius og heilage Frumentius. Dei overtalte kong Ezana av Aksum-riket til å gje dei lov til å driva misjonering der. Frumentius blei seinare den første biskopen i landet.

På 600-talet blei kyrkja underlagt patriarken i Alexandria. I 1950 anerkjende patriarken kyrkja som sjølvstendig, og i 1959 blei den første patriarken av den etiopiske kyrkja ordinert.

  • «Ethiopian Orthodox church» (2009). Encyclopædia Britannica. Lese 3. november 2009 i Encyclopædia Britannica Online.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne kristendomsartikkelen som har med Etiopia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.