Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Den atlantiske slavehandelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mishandling av slave i Brasil. Illustrasjon av Jean-Baptiste Debret (1768-1848).

Den atlantiske slavehandelen, også kalla for den transatlantiske slavehandelen, viser til handelen med slavar som skjedde ved frakt av menneske som blei kjøpte eller tekne til fange i Afrika, og selde eller distribuerte i Nord- og Sør-Amerika frå 1500-talet til ut på 1800-talet. Det store fleirtalet av slavar i den atlantiske slavehandelen var afrikanarar frå dei sentrale og vestlege delane av verdsdelen. Dei blei hovudsakleg kjøpte frå afrikanske slavehandlarar av europeiske handelsmenn som transporterte dei til koloniane i den nye verda. Der blei slavane sette til å arbeida på plantasjar som produserte kaffi, kakao, sukker og bomull, i gruver som skaffa gull og sølv, på rismarkene, i konstruksjonsindustrien, tømmer og skipsbygging, eller i herskapshus der dei arbeidde som tenarar.

Trekantfarten var fordelaktig fordi skipa hadde last under heile reisa, og dei segla slik at vind og straum blei utnytta maksimalt.

I byrjinga av kolonitida prøvde europearane å ta urfolka i Amerika som slavar, men mange døydde av utmatting eller av sjukdommar frå den gamle verda som dei ikkje var motstandsdyktige mot. Alternativ arbeidskraft som europeiske kontraktstenarar var utilstrekkeleg. Mange av produkta som blei dyrka i Amerika var vanskelege å produsera i Europa, og det viste seg meir profitabelt å produsera dei i Amerika ved hjelp av slavearbeid.[1]

Plakat om eit sal av «17 verdifulle unge negrar» på auksjon i New Orleans i 1840.

Skipsfrakta av slavar var hovudsakleg driven av portugisarar, britar, franskmenn, spanjolar, nederlendarar og nordamerikanarar. I mindre grad deltok også andre land i slavehandelen. Danskar og nordmenn deltok òg, både som mannskap på nederlandske og andre utanlandske slaveskip, og direkte i dansk-norske slaveskip. SS «Fredensborg» er det best kjende dansk-norske slaveskipet. Dei dansk-norske skipa gjekk gjerne i trekantfart mellom København, dei danske koloniane på Gullkysten og dei danske øykoloniane i Karibiahavet: St. Thomas, St. Jan og St. Croix.

Europearar kjøpte hovudsakleg slavar frå afrikanske slavehandlarar, men nokre blei tekne til fange av europeiske slavehandlarar som angreip afrikanske samfunn, og tok folk til fange for å selja dei vidare.[2][3] Dei fleste av historikarane i samtida reknar at mellom 9,4 og 12 millionar afrikanarar[4] kom til den nye verda,[5][6] men det nøyaktige talet på menneske som blei tekne med makt frå heimane sine er mykje større.[7][8]

Denne slavehandelen er tidvis blitt kalla for maafa av afrikanske og afroamerikanske forskarar, i tydinga «holocaust» eller «stor katastrofe» på swahili. Ein del forskarar, som Marimba Ani og Maulana Karenga, har nytta omgrepa «afrikansk holocaust» eller «slaveri-holocausten». Slaveriet var eitt element i ein økonomisk syklus i tre deler — trekantfart og mellompassasjen — som til sist involverte fire verdsdelar, fire hundreår og millionar av menneske og menneskelagnader.[9]

Atlanterhavsfrakta

[endre | endre wikiteksten]
Denne gamle illustrasjonen av «avreisa til den nye verda» viser dronning Isabella og kong Ferdinand av Spania som tek farvel med Columbus 3. august 1492 i hamna i landsbyen Palos sørvest i Spania.

Den atlantiske slavehandelen kom i gang etter at dei første handelskontraktane blei oppretta mellom «den gamle verda» (Europa og Afrika) og «den nye verda» (Nord- og Sør-Amerika). I hundreår hadde tidvasstraumar gjort segling over havet særleg vanskeleg og risikabelt for skipstrafikken, og det var såleis liten sjøkontakt mellom folka på dei ulike kontinenta.[10] På 1400-talet hadde likevel den nye utviklinga i europeisk sjøfartsteknologi fått fram skip som var betre utstyrt til å hanskast med problema med tidvasstraumane, og som kunne byrja å kryssa Atlanterhavet på skrå. I denne prosessen kom europeiske sjøfolk i kontakt med dei vestafrikanske samfunna og i Amerika der dei tidlegare ikkje hadde vore.[11] Historikaren Pierre Chaunu har skildra tida med isolasjon for ein del samfunn som eit paradigmeskifte til ei tid med aukande kontakt mellom dei fleste samfunn.[12]

Afrikansk slaveri

[endre | endre wikiteksten]
Afrikanarar i lenkjer, frakta til slaveri. Teikning frå 1890

Slaveri var praktisert i nokre delar av Afrika, Europa, Asia og i Amerika før den atlantiske slavehandelen tok til.[13] Det finst prov på at folk i nokre afrikanske statar blei eksporterte til andre statar i Afrika, Europa og Asia før den europeiske koloniseringa av Amerika.[14] Den afrikanske slavehandelen skaffa mange slavar til europearar og til dei muslimske statane.[15] Før og fram til 1500-talet sørgde kristne slavehandlarar for å skaffa europearar som blei selde som slavar til muslimske land, og seinare herja muslimske sjørøvarar dei europeiske kystane og tok europearar til fange for å selja dei som slavar, mellom anna fleire tusen nordmenn, og denne praksisen skjedde til langt opp i moderne tid.[16] Det kunne skje så langt unna som på Færøyane der 30 kvinner vart røva i 1629 og deretter frakta til slaveri utanfor Europa. Handel med slavar og slaveri var med andre ord ikkje eit særtrekk for Afrika.[17]

Den atlantiske slavehandelen var ikkje den einaste slavehandelen i Afrika, men var den største og heftigaste. «Det afrikanske kontinentet forblødde dei menneskelege ressursane sine via alle tenkjelege ruter,» skreiv forfattaren og historikaren Elikia M'bokolo i avisa Le Monde diplomatique. «Tvers over Sahara, over Raudehavet, frå hamnene langs Indiahavet og over Atlanterhavet. Minst ti hundreår med slaveri til fordel for dei muslimske landa (frå niande til det nittande). ... Fire millionar menneske i slaveri vart eksportert via Raudehavet, fire millionar til via hamnene til Swahili til Indiahavet, kanskje så mange som ni millionar langs dei transsahariske handelsrutene, og elleve til tjue millionar (avhengig av forfattaren) som kryssa Atlanterhavet.» Ifølgje John K. Thornton kjøpte europearar menneske i slaveri som var tekne til fange i dei konstante krigane mellom afrikanske statar.[18][19][20] Det var også afrikanarar som dreiv forretning med å ta andre afrikanarar til fange frå folkegrupper i nærområdet, eller som krigsfangar, og som sidan blei selte som slavar.[21] Europearar skaffa ein stor handel for ein allereie eksisterande handelsmarknad.[22] Medan ein afrikanar som blei halden som slavae sin eigen region i Afrika hadde høve til å rømma og såleis frigjera seg frå slaveriet, hadde ein person som blei send til eit anna land eller kontinent sjeldan høve til å nokon gong koma tilbake til regionen og familien sin, eller å koma seg ut av slaveriet. Menneske som levde langs elva Niger blei transporterte frå desse områda og ut til kysten og deretter selde ved europeiske handelsstasjonar i byte mot muskettar og andre varer, som tekstilar eller alkohol.[23]

Europeisk kolonisering og slaveri i Vest-Afrika

[endre | endre wikiteksten]
Alonso Fernández de Lugo presenterte høvdingar frå urbefolkninga på TenerifeKanariøyane for dei spanske monarkane Isabella og kong Ferdinand.

Ved oppdaginga av nye landområde ved sjøoppdagingar, byrja europeiske kolonistar snart å utvandra og busetja seg i land utanfor sitt eige kontinent. Utanfor kysten av Afrika invaderte og koloniserte europearar, under leiing av kongedømmet Castilla, Kanariøyane i løpet av 1400-talet. Dei forvandla det meste av landet til produksjon av vin og sukker. Dei innfødde på øyane, guanchefolk, blei tekne til fange og brukte som slavar både på desse øyane og over heile det kristne Middelhavet.[24]

Ved å nytta Kanariøyane som marinebase byrja europearane, for det meste portugisarar på dette tidspunktet, å flytta aktivitetane sine lengre sørover langs vestkysten av Afrika. Dei drog på angrepstokt og tok folk til fangar som seinare blei selde som slavar kring Middelhavet.[25]

Kongen av Kongo gjev audiens til portugisarar og eigne undersåttar.

I 1494 hadde den portugisiske kongen kome fram til ei semje med herskarane i fleire vestafrikanske statar som tillét handel mellom folka deira. Dette gjorde det mogleg for Portugal å delta i den velutvikla handelsøkonomien i Afrika utan å hamna i konfliktar. Fredeleg handel blei regelen langs heile den afrikanske kysten, men det oppstod framleis konfliktar frå tid til anna, som då portugisiske handelsmenn prøvde å erobra Bijagosøyane i 1535. I 1571 erobra Portugal, med støtte frå kongeriket Kongo, den sørvestlege regionen av Angola for å sikra dei økonomiske interessene sine i området.[26] Kongo gjekk seinare inn i ein koalisjon for å pressa portugisarane ut i 1591, men då hadde Portugal hadde sikra eit fotfeste på kontinentet som landet kom til halda på til ut på 1900-talet.[27] Trass i desse sjeldne tilfella av vald mellom afrikanske og europeiske styrkar klarte likevel mange afrikanske statar å sikra seg at handelen gjekk for seg på deira eigne vilkår. Dei kravde toll frå framande skip, og i eit tilfelle i 1525 arresterte kong Affonso I av Kongo eit fransk skip og mannskapet på det etter at det hadde drive handel ulovleg langs den kongolesiske kysten.[28]

Europeisk kolonisering og slaveri i Amerika

[endre | endre wikiteksten]
Karibfamilie, teikna av John Gabriel Stedman i 1818

Det var likevel ikkje berre langs den afrikanske vestkysten, men også i Amerika at europearane byrja å søkja etter høve til inntening. Europearane blei fyrst merksame på Amerika etter at kontinentet blei oppdaga av Kristoffer Columbus i 1492.[29] Som i Afrika motsette den innfødde befolkninga seg at europearane trengde seg inn på landområda deira i løpet av det fyrste hundreåret med kontakt. I Karibia klarte dei spanske busetjarane fyrst å sikra seg kontroll over dei større øyane etter å ha alliert seg med visse urfolksgrupper i dei eksisterande konfliktane deira med nabostammane. Grupper som kulinagofolkDei små Antillane, og karibane og arawakfolket frå det som i dag er Venezuela, retta effektive motangrep mot dei spanske basane i Karibia med båtane sine, som var mindre og langt betre eigna til navigera rundt øyane. Ved fleire tilfelle klarte dei å sigra over dei spanske skipa.[30]

På 1400- og 1500-talet busette kolonistar frå Europa seg også på dei elles øydne øyane i Atlanterhavet som Madeira og Asorane, der det var ikkje var nokon folk til å selja som slavar, men der det kunne eksporterast produkt som blei hovudindustrien på øyane.[31]

1500- og 1600-talet

[endre | endre wikiteksten]
Diagram som viser kor tett afrikanske slavar blei stua saman ombord på slaveskip.

Den atlantiske slavehandelen er tradisjonelt delt inn i to periodar, kjende som det fyrste og det andre atlanterhavssystemet.

Det fyrste atlanterhavssystemet var handelen med afrikanarar i slaveri til hovudsakleg søramerikanske koloniar underlagt Portugal og Spania. Det utgjorde berre litt meir enn 3 prosent av heile den atlantiske slavehandelen. Handelen byrja i stor skala omtrent frå 1502 og varte fram til 1580, då Portugal var mellombels sameint med Spania.[32] Medan portugisarar handla med slavar sjølv nytta det spanske riket eit system kalla asiento, ein juridisk avtale mellom ein person og den spanske krona om einerett på handel av eit bestemt produkt, og vanlegvis hadde dette tydinga asiento de negros, ein avtale der ein annan part fekk retten til å ha monopol på å innføra afrikanske slavar til dei spanske koloniane i Amerika. I løpet av det fyrste atlanterhavssystemet var det portugisarar som fekk nær monopol på å frakta slavar til dei spanske amerikanske koloniane, men ein del nederlandske, engelske, spanske og franske handelsskip deltok også i slavehandelen.[33] Etter unionen blei Portugal svekka, og koloniriket til landet blei angripe av nederlendarar og britar.

Det andre atlanterhavssystemet var handelen av afrikanarar i slaveri av hovudsakleg britar, portugisarar, franskmenn og nederlendarar. Det fremste reisemålet for denne fasen var dei karibiske koloniane, Brasil og Nord-Amerika, då eit tal europeiske land hadde bygd opp koloniar som var økonomisk avhengige av slavar. Blant dei som fremja dette systemet var britane Francis Drake og John Hawkins.

Berre litt meir enn 3 prosent av afrikanarane blei tekne frå heimlandet og selde til slaveri i åra 1450 og 1600, og 16 prosent på 1600-talet. Meir enn halvparten av dei blei sende på 1700-talet, og dei gjenverande 28,5 prosenta blei frakta på 1800-talet.[34]

Trekanthandelen

[endre | endre wikiteksten]
For meir om dette emnet, sjå Trekanthandel.
Leivningar av kjettingar for slavar.

Europeiske kolonistar praktiserte innleiingsvis system av både bunde arbeid og urfolksslaveri, der dei innfødde i den nye verda blei underlagd som slavar. Av ei rekkje årsaker erstatta afrikanarar den innfødde befolkninga som slavar i Nord- og Sør-Amerika. I ein del tilfelle, som i Karibia, førte krig og sjukdommar som koppar til at den innfødde befolkninga blei heilt utrydda. I andre tilfelle, som i Sør-Carolina, Virginia og New England, var behovet for alliansar med dei innfødde stammane kopla med tilgjengelegheita av rimelege afrikanske slavar (på byrjinga av 1700-talet i desse koloniane) til at det var liten grunn eller behov for å underleggja seg dei lokale urfolka som slavar.

Ein gravhaug i Campeche i Mexico har antyda at slavar blei frakta dit ikkje lenge etter at Hernán Cortés hadde fullført undertrykkinga av aztekiske og maya-Mexico. Gravstaden hadde vore i bruk frå omtrent 1550 og fram til slutten av 1600-talet.[35]

Den fyrste sida av triangelhandelen var eksport av varer frå Europa til Afrika. Ei rekkje afrikanske kongar og handelsmenn tok del i handelen med slavar frå 1440 og fram til rundt 1833 For kvar afrikanske fange som blei selt som slave ville dei afrikanske herskarane få ei rekkje varer frå Europa. Desse omfatta gevær, ammunisjon og andre fabrikkerte varer. Det andre beinet i trekanthandelen var eksport av afrikanarar over Atlanterhavet til Nord- og Sør-Amerika og Karibia. Den tredje og siste delen av trekanthandelen var frakt av varer til Europa frå Amerika. Desse varene var produkt frå plantasjane som nytta seg av slavar og omfatta mellom anna bomull, sukker, tobakk, melasse og rom.

  1. Solow, Barbara (red.) (1991): Slavery and the Rise of the Atlantic System, Cambridge, Cambridge University Press.
  2. King Leopold's Ghost: A Story of Greed, Terror, and Heroism in Colonial Africa. Houghton Mifflin Books. 1998. ISBN 0618001905.
  3. Klein, Herbert S. & Klein, Jacob (1999): The Atlantic Slave Trade. Cambridge University Press. ss. 103–139.
  4. BBC Quick guide: «The slave trade»
  5. «Migration Simulation». Arkivert frå originalen 5. juni 2010. Henta 8. februar 2011. 
  6. Segal, Ronald (1995): The Black Diaspora: Five Centuries of the Black Experience Outside Africa, New York: Farrar, Straus and Giroux, ISBN 0-374-11396-3, side 4: «It is now estimated that 11,863,000 slaves were shipped across the Atlantic.» [Note i originalen: Paul E. Lovejoy: «The Impact of the Atlantic Slave Trade on Africa: A Review of the Literature», i: Journal of African History 30 (1989), s. 368.
  7. Eltis, David & Richardson, David (2002): «The Numbers Game» I: Northrup, David: The Atlantic Slave Trade, 2. utg., Houghton Mifflin Co. s. 95.
  8. «African Holocaust How Many» Arkivert 5. mai 2017 på Wayback Machine. i: African Holocaust Society: «While traditional studies often focus on official French and British records of how many Africans arrived in the New World, these studies neglect to include the death from raids, the fatalities on board the ships, deaths caused by European diseases, the victims from the consequences of enslavement, and the trauma of refugees displaced by slaving activities. The number of arrivals also neglects the volume of Africans who arrived via pirates, who for obvious reasons, wouldn't have kept records.»
  9. «African Holocaust Special» Arkivert 5. mai 2017 på Wayback Machine.. African Holocaust Society.
  10. Thornton 1998. ss. 15-17.
  11. Thornton 1998. ss. 13.
  12. Chaunu 1969. ss. 54-58.
  13. Historical survey > Slave societies
  14. Ferro, Mark (1997): Colonization: A Global History. Routledge. ISBN 9780415140072. s. 221
  15. Person-Lynn, Kwaku: African Involvement In Atlantic Slave Trade Arkivert 16. september 2004 på Wayback Machine.. Jf. Boahen, Adu: Topics In West African History, s. 110.
  16. Oppegård, Guri Gunnes (18. august 2010): «Middelaldersk trafficking» Arkivert 18. mai 2011 på Wayback Machine., Forskning.no
  17. Meland, Astrid (16. mai 2006): Tok tusenvis av nordmenn som slaver, Dagbladet
  18. Obadina, Tunde: «Slave trade: a root of contemporary African Crisis» Arkivert 2. mai 2012 på Wayback Machine., Africa Economic Analysis
  19. M’bokolo, Elikia (2. april 1998): «The impact of the slave trade on Africa», Le Monde diplomatique
  20. Thornton, ss. 112
  21. Thornton, ss. 310
  22. Thornton, ss. 94
  23. Thornton, ss. 45
  24. Thornton 1998. ss. 28-29.
  25. Thornton 1998. ss. 29-31.
  26. Thornton 1998. s. 38-39.
  27. Thornton 1998. s. 40.
  28. Thornton 1998. s. 39.
  29. Thornton 1998. s. 35.
  30. Thornton 1998. ss. 40-41.
  31. Thornton 1998. s. 33.
  32. Anstey, Roger (1975): The Atlantic Slave Trade and British abolition, 1760–1810. London: Macmillan, s. 5.
  33. Emmer, P.C. (1998): The Dutch in the Atlantic Economy, 1580–1880. Trade, Slavery and Emancipation. Variorum Collected Studies Series CS614, ss. 17.
  34. Lovejoy, Paul E. (1994): «The Volume of the Atlantic Slave Trade. A Synthesis» I: Northrup, David (red.): The Atlantic Slave Trade. D.C. Heath and Company.
  35. «Skeletons Discovered: First African Slaves in New World». 31. januar 2006. LiveScience.com.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Austen, Ralph (1987): African Economic History: Internal Development and External Dependency. London: James Currey. ISBN 978-0852550090.
  • Rodney, Walter (1972): How Europe Underdeveloped Africa. London: Bogle L'Ouverture. ISBN 9780950154640.
  • Thornton, John (1998): Africa and Africans in the Making of the Atlantic World, 1400-1800 (2. utg.). New York: Cambridge University Press. ISBN 9780521622172.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]