Dei sytten provinsane
Utsjånad
Dei sytten nederlandske provinsane var ein personalunion i Nederlanda på 1500-talet. Området svarer omtrent til Nederland, Belgia, Luxembourg, litt av Frankrike (Artois, Nord) og litt av Tyskland.
Dei sytten provinsane
[endre | endre wikiteksten]- Grevskapet Artois
- Grevskapet Flandern (inkl. Lille, Douai og Orchies)
- Dominium Mechelen
- Grevskapet Namur
- Grevskapet Hainaut
- Grevskapet Zeeland
- Grevskapet Holland
- Hertugdømmet Brabant og Markgrevskapet Antwerpen
- Hertugdømmet Limburg og Overmaas' område
- Hertugdømet Luxemburg
- Dominium Utrecht
- Dominium Friesland
- Dominium Gelre (etter 1543)
- Dominium Groningen
- Drenthe (ein del av Herredømet Overijssel, med Lingen)
- Dominium Overijssel med Wedde og Westwoldingerland)
- Grevskapet Zutphen
Det blå området mellom Lille og Mons er byen Tournai, som også blir rekna med til dei sytten provinsane, mens fyrstbispedømmet Liège i grønt ikkje er ein av dei.