Dei strategiske rakettstyrkane
Dei strategiske rakettstyrkane (RVSN RF; Raketnye voyska strategicheskogo naznacheniya; Ракетные войска стратегического назначения) er ei forsvarsgrein i det russiske forsvaret som er direkte underlagt Forsvarsdepartementet i Russland. SRF styrar Russland sine landbaserte interkontinentale ballistiske missil. Styrkane vart først danna som del av dei væpna styrkane til Sovjetunionen, og då Sovjetunionen braut saman i 1990-1991 vart namnet endra. Hovudkvarteret og militærstaben ligg i Vlasikha ZATO. Sjefen for desse styrkane sidan 2010 er i 2017 framleis Sergej Viktorovitsj Karakajev.
Dei strategiske rakettstyrkane vart oppretta i desember 1959 som den viktigaste sovjetiske styrken som kunne brukast for å angripa ein fiende som sjølv hadde kjernefysiske våpen. Måla kunne vere militære anlegg og kjernefysisk industriell infrastruktur i desse landa.[1] I 2017 otte dei alle russiske kjernefysiske bakkebaserte interkontinentale ballistiske missil (ICBM).[2]
Samansetjing
[endre | endre wikiteksten]Avgjerda om å nytte Dei strategiske rakettstyrkane vert teken øvst oppe i den russiske leiinga, og krev presidenten si godkjenning i alle høve.
Ei rekkje kommando- og kontrollsystem tenar som støtte til slik avgjerd, som i verste fall må takast med berre sekundar i varslingstid. Påliteleg utveksling av noggrann informasjon mellom alle stabselement, sensorar og kontrollpunkt er viktigare her enn i dei fleste andre kommando- og kontrollsystem. Erfaringar frå artillerikompleks er tekne med i prosessen med å byggja opp systemet, men her er det vitalt med sentralisert kommando.
Den sentrale kommandoplassen for Dei strategiske rakettstyrkane er delt inn i desse elementa:
- Leiing
- Vakthald
- Informasjonshandsaming
- Kontroll av stridsberedskap
- Koordinering av aktivitet mellom kommandoplassane
- Analysegrupper
Eit halvautomatisk kommando- og kontrollapparat (ASFM) har nemninga «KAZBEK», og her er det fleire berbare terminalar plasserte i små koffertar som vert kalla tsjeget eller «atomkoffert». Desse terminalane finst hjå presidenten, forsvarsministeren og generalstabssjefen og har trådlaust samband til kvarandre og med det sentrale K-3 apparatet. Desse koffertane inneheld koder som kan avsikra utskytingsmekanismene for avfyring av det enkelte missilet. Det skal vere nok med at to av desse tre tsjegetane sender avsikringskoder for at missilane kan skytast ut.[3] Dersom heile den russiske leiinga er sett ut av spel, finst eit system som tek denne avgjerda automatisk.
Handa frå grava (òg kjend som Perimetr) er eit automatisk kommando- og kontrollsystem for kjernefysiske interkontinentale ballistiske missil. Systemet er eit godt døme på «MAD» (engelsk mutually assured destruction), som tyder garantert gjensidig øydelegging eller terrorbalanse. Dette avskrekkingskonseptet tyder at alle er sikre på å verta utsletta dersom nokon av atommaktene skulle freista å slå til med eit massivt angrep først. Systemet kan automatisk skyte ut alle russiske interkontinentale ballistiske missil (ICBM) ved å sende ut naudsynte avfyringskoder til missila dersom sensorar oppdagar mange kjernefysiske eksplosjonar på russisk jord, og kontakt mellom det automatiske systemet og russiske leiinga ikkje kan etablerast.
Dei strategiske rakettstyrkane er vidare delt opp i tre arméar:
Missilarsenal
[endre | endre wikiteksten]- 21. ICBM-missilarsenal i Khrizolitovyj
- 27. ICBM-missilarsenal i Surovatikha
- 29. ICBM-missilarsenal i Balezino-3[4]
Situasjonen i oktober 2018
[endre | endre wikiteksten]I juni 2017 var det til saman 286 bererakettar med 958 atomstridshovud. I oktober 2018 gjeld same tal. [2][5] Fordelinga er slik:
Bererakettar | Tal | Tal strids- hovud på kvar |
Til saman | Lokalisering |
---|---|---|---|---|
SS-18 | 46 | 10 | 460 | Dombarovskij, Uzjur |
SS-19 | 30 | 0[6]. | 0 | Tatisjtsjevo |
SS-25 | 36 | 1 | 36 | Barnaul |
SS-27 (i silo) | 60 | 1 | 60 | Tatisjtsjevo |
SS-27 MOB (mobile plattformar) | 18 | 1 | 18 | Tejkovo |
SS-29 (mobile plattformar) | 84 | 4[2] | 336 | Tejkovo, Novosibirsk, Nizjnyj Tagil, Irkutsk, Josjkar-Ola |
SS-29 (i silo) | 12 | 4 | 48 | Kozelsk |
Totalt | 286 | 958[2] |
Situasjonen i november 2017
[endre | endre wikiteksten]I november 2017 var det til saman 322 bererakettar med 1174 atomstridshovud.[2] Fordelinga er slik:
Bererakettar | Tal | Tal strids- hovud på kvar |
Til saman | Lokalisering |
---|---|---|---|---|
SS-18 | 46 | 10 | 460 | Dombarovskij, Uzjur |
SS-19 | 30 | 6 | 180 | Tatisjtsjevo |
SS-25 | 72 | 1 | 72 | Barnaul |
SS-27 (i silo) | 60 | 1 | 60 | Tatisjtsjevo |
SS-27 MOB (mobile plattformar) | 18 | 1 | 18 | Tejkovo |
SS-29 MOB (mobile plattformar) | 78 | 4[7] | 312 | Tejkovo, Novosibirsk, Nizjnyj Tagil, Irkutsk, Josjkar-Ola |
SS-29 (i silo) | 18 | 4 | 72 | Kozelsk |
Totalt | 322 | 1174[2] |
Historisk utvikling
[endre | endre wikiteksten]Samansetjing og mengd stridshovud innan ICBM:
Bererakettar | |||||||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1990 | 1997 | 1998 | 1999 | 2000 | 2001 | 2002 | 2003 | 2004 | 2005 | 2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2016 | 2017 | ||
SS-11 | SEGOS | 326 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
SS-13 | SAVAGE | 40 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
SS-17 | SPANKER | 188 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
SS-18 | SATAN | 3 080 | 1 860 | 1 800 | 1 800 | 1 800 | 1 660 | 1 480 | 1 160 | 1 080 | 850 | 800 | 760 | 750 | 680 | 590 | 580 | 460 | 460 |
SS-19 | STILETTO | 1 800 | 1 020 | 1 008 | 960 | 900 | 900 | 900 | 780 | 780 | 774 | 756 | 738 | 660 | 432 | 420 | 420 | 0[a] | 180 |
SS-24 | SCALPEL | 560 | 100 | 100 | 100 | 100 | 60 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
SS-24V | SCALPEL | 330 | 360 | 360 | 360 | 360 | 360 | 360 | 150 | 150 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 |
SS-25 | SICKLE | 288 | 360 | 360 | 360 | 360 | 360 | 345 | 333 | 315 | 291 | 254 | 243 | 213 | 180 | 174 | 171 | 72 | 72 |
SS-27 silo | STALIN | 0 | 0 | 0 | 10 | 20 | 24 | 30 | 36 | 36 | 40 | 42 | 44 | 48 | 50 | 49 | 52 | 60 | 60 |
SS-27 MOB | STALIN | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 3 | 6 | 15 | 15 | 18 | 18 | 18 |
SS-29 MOB | YARS | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 18 | 292 | 312 |
SS-29 silo | YARS | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 72 |
Totalt | 6 612 | 3 700 | 3 630 | 3 590 | 3 540 | 3 364 | 3 115 | 2 429 | 2 331 | 1 955 | 1 852 | 1 788 | 1 677 | 1 357 | 1 248 | 1 259 | 902 | 1174 |
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Det var 70 rakettar av typen SS-19 i silo i 2016, kvar med 6 stridshovud - totalt 420, men dei hadde ikkje atomladning då.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Вооруженные силы». web-beta.archive.org.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Podvig, Pavel (13. desember 2007). «Strategic Rocket Forces». Russian Strategic Nuclear Forces.
- ↑ http://www.modernarmy.ru/article/460/rvsn © Portal \"Modern army \"
- ↑ «Части центрального подчинения». Коммерсантъ. 14. desember 2009.
- ↑ «Russian Strategic Nuclear Forces Under New START | Arms Control Association», www.armscontrol.org (på engelsk), henta 23. oktober 2018
- ↑ Kvar bererakett kan ha 6 stridshovud, men dei har ikkje atomvåpen
- ↑ «Ракетные войска стратегического назначения - Стратегическое ядерное вооружение России», russianforces.org, henta 23. oktober 2018
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «De strategiske rakettstyrker» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.