Det palestinske flagget
Det palestinske flagget blei opphavleg utforma av Hussein bin Ali, Sjarif av Mekka for det arabiske opprøret mot Det ottomanske riket i 1916.[1][2] I 1917 var palestinarane fyrst ute med å heise dette flagget til den arabiske nasjonalrørsla, og seinare som det palestinske flagget. Flagget blei på nytt teke i bruk som flagget til det palestinske folket i 1964 av Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), og 15. november 1988 tok PLO flagget i bruk som flagget til staten Palestina.[3] I dag er flagget i utstrekt bruk i områda som blir administrert av den palestinske sjølvstyresmakta.
Flagget består av tre like breie vannrette striper (svart, kvit og grøn ovanfrå og ned), med ein raud trekant. Flagget er nesten identisk med flagget til Baathpartiet og svært lik flagga til Vest-Sahara (SADR) og Jordan.
Fargekart
[endre | endre wikiteksten]Fargekart |
Raud | Svart | Kvit | Grøn |
---|---|---|---|---|
CMYK | 0-82-77-6 | 100-100-100-99 | 0-0-0-0 | 100-0-64-40 |
HEX | #EE2A35 | #000000 | #FFFFFF | #009736 |
RGB | 238-42-53 | 0-0-0 | 255-255-255 | 0-151-54 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sorek, Tamir (2004). «The orange and the 'Cross in the Crescent': imagining Palestine in 1929». Nations and Nationalism 10 (3): 269–291. doi:10.1111/j.1354-5078.2004.00167.x.
- ↑ Easterly, William (2006). The White Man's Burden. New York: Penguin. s. 238. ISBN 978-1-1012-1812-9. «A small sign of the artificiality of the Arab revolt is that Mark Sykes himself designed the flag of the Arabs as a combination of green, red, black, and white. Variations on this design are today the official flags of Jordan, Iraq, Syria, and the Palestinians.»
- ↑ «العلم | مركز المعلومات الوطني الفلسطيني». info.wafa.ps.
- Denne artikkelen bygger på «Palestinas flagg» frå Wikipedia på bokmål, den 1. november 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Palestina på flagspot.net / Flags of the World
- The Meaning of the Flag at the website of the Palestinian Academic Society for the Study of International Affairs