Det Norske Luftfartselskap
Det Norske Luftfartselskap | |||
| |||
| |||
Skipa | 1933 | ||
---|---|---|---|
Nedlagd | 1948 | ||
Etterfylgjar(ar) | SAS | ||
Morselskap | Samferdsledepartementet | ||
Hovudkontor | Oslo i Noreg | ||
Land | Noreg | ||
Tenester | Short Sandringham, Junkers W 34, Douglas DC-3, Douglas DC-4, Douglas DC-6 |
Det Norske Luftfartselskap er eit tidlegare norsk flyselskap, skipa i 1933. Det var eit av selskapa som fusjonerte til SAS.
Selskapet dreiv innanlandsruter i Noreg frå 1935 etter at reiarlaga Fred. Olsen & Co. og Det Bergenske Dampskibsselskab hadde skote inn kapital. Seinare vart trafikken utvida til Skandinavia. I 1946 vart selskapet reorganisert og formelt skipa på nytt som fylgje av situasjonen under andre verdskrigen, og vart gjort til den norske eigaren i det felles svensk-dansk-norske flyselskapet Scandinavian Airlines System (SAS), som òg vart skipa dette året. I 2001 vart Det Norske Luftfartselskap, som frå 1996 hadde fått namnet SAS Norge, fusjonert med SAS, til liks med det svenske og det danske selskapet som var medeigarar av SAS.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Det Norske Luftfartselskap» frå Wikipedia på bokmål, den 22. september 2018.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bjørhovde, Bjørn; Sturk, Erik, ill. (1997): SAS fly gjennom tidene. Oslo: DNL/SAS historielag.
- Nerdrum, Johan (1988): Fugl Fønix : en beretning om Det Norske Luftfartselskap. Oslo: Gyldendal, ISBN 82-05-16663-3