Douglas DC-6
Utsjånad
Douglas DC-6 er eit fly bygd av Douglas Aircraft Company frå 1946 til 1959. Flyet var eigenleg tiltenkt rolla som eit militært transportfly på slutten av andre verdskrigen, men vart redesigna etter krigen for å konkurrera mot Lockheed Constellation i marknaden for propellfly med lang rekkjevidd. Meir enn 700 fly vart bygd, og dei har fortsett i bruk som transportfly, militærfly eller som skogbrannfly.
DC-6 vart kjent som C-118 Liftmaster i det amerikanske luftforsvaret, og som R6D i den amerikanske marinen.
Eit av flya vart parkert på Flyhistorisk Museum Sola i Rogaland i 2020.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Veteranflyets siste tur. NRK. Vitja 4. august 2020
- Denne artikkelen bygger på «Douglas DC-6» frå Wikipedia på bokmål, den 29. september 2018.