Darat Izza
Darat Izza | |||
دارة عزة | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aleppo guvernement | ||
Distrikt | Jabal Simeon-distriktet | ||
Nahiyah | Darat Izza | ||
Koordinatar | 36°16′58″N 36°51′7″E / 36.28278°N 36.85194°E | ||
Folketal | 13 525 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Darat Izza 36°16′56″N 36°51′07″E / 36.282222222222°N 36.851944444444°E | |||
Kart som viser Darat Izza.
|
Darat Izza (arabisk دارة عزة, òg skrive Darat Aza eller Darit Izza) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 30 km nordvest for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein Deir Samaan i nord, Anadan i aust og Turmanin i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Darat Izza eit folketal på 13 525 i 2004.[1]
Frå Darat Izza går ein godt bevart del av ein gammal romersk veg frå 100-talet fvt.[2] Under Det osmanske riket var Darat Izza kjend for bomullsstoffet som vart produsert her.[3]
Under den syriske borgarkrigen mot regjeringa til Bashar al-Assad, vart 25 regjeringsvenlege personar drepne i byen av Den frie syriske armeen (FSA). Regjeringa hevda dei var vanlege sivile, medan FSA og den opposisjonsvenlege Syrisk observatorium for menneskerettar hevda dei var regjeringsvenlege militssoldatar.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Darat Izza» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Beattie, Andrew (2001). The Rough Guide to Syria 2. Rough Guides. ISBN 1858287189.
- Faroqhi, Suraiya (1997). An Economic and Social History of the Ottoman Empire 2. Cambridge University Press. ISBN 0521574552.
- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-01-12 ved Archive.is. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. (arabisk)
- ↑ Beattie, 2001, s. 245.
- ↑ Faroqhi, 1997, s. 501.
- ↑ Syria rebels accused of massacring 25 people in village. BBC News. 2012-06-22.