Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dansketida)
Danmark–Norge
Personalunion

1523–1814
 

Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Danmark–Noreg
Plasseringa til Danmark–Noreg
Kart over Danmark–Noreg rundt 1780.
Hovudstad København
Språk Dansk og norsk, også tysk, islandsk, færøysk, samisk, grønlandsk. Berre dansk og tysk var nytta som skriftspråk.
Religion Lutheranisme
Styreform Valkongedøme til 1660, einevelde frå 1660
Konge Frederik I av Danmark-Noreg (den første)
Frederik 6. (sidste)
Historisk periode Tidleg moderne Europa
 - Gustav Vasa vald som konge av Sverige 6. juni 1523
 - Samanbrotet av Kalmarunionen 1523
 - Rigkrådet avskaffa 14. oktober 1660
 - Lex Regia stadfesta eineveldet 14. november 1665
 - Freden i Brømsebro
 - Roskildefreden 26. februar 1658
 - Freden i Kiel 14. januar 1814
 - Wienerkongressen September 18149. juni 1815
Innbyggjarar
 - 1645 est. 1,315,000³ 
 - 1801 est. 1,859,000³ 
Valuta Riksdalar og skillingar
¹ Frederik 6. var regent for far sin, og var de facto konge frå 14. april 1784. Han forsette å regjera Danmark etter freden i Kiel til han døydde i 1839.

² Danmark (43 094 km²), Slesvig-Holstein (15 763 km²), Noreg (hovudland) (324 220 km²), Færøyane (1 399 km²), Island (103 000 km²). (Pluss Grønland med 2 175,600 km².)
³ 1645: Estimert 825 000 i Danmark, 440 000 i Noreg og 50 000 på Island[1]
1801: 929 000 i Danmark, 883 000 i Noreg og 47 000 på Island[2]

Danmark-Noreg var ein personialunion mellom kongeriket Danmark og kongeriket Noreg som også omfatta Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse kongerika styrte av éin sams konge. Særleg vert Danmark-Noreg nytta som ei nemning på rika i tida etter reformasjonen i 1537, eller frå 1523, då Kalmarunionen braut saman. Etter reformasjonen i 1537 var ikkje noko eige norsk riksråd til, og kongen fekk meir makt.

Nemninga «Kongeriket Danmark» vert av og til nytta om området som dei oldenburgske kongane rådde over etter 1536. Hertugdøma Slesvig og Holstein hadde kongane herredøme over som hertug. Dei vart ikkje rekna med i kongeriket Danmark.

Tida under Danmark vert gjerne kalla dansketida i Noreg, og var dei fyrste 434 år av unionstida. På 1800-talet vart tidsrommet omtala som «400-års-natta».

Omgrepet Danmark-Noreg (og dansketida) er berre brukt i moderne tid. I samtida blei heilstaten omtalt som Danmark, den danske krona (kron zu Dennemarck) eller Tvillingrigerne.[3]

Tidsline

Administrasjon

[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]

Forvaltingsområda hadde nemningane len og syssel.

Amt var frå 19. februar 1662 eit namn på forvaltingsområda i Danmark og dei i notidas Noreg .

Sankt Thomas i det karibiske havet blei erobra av Danmark-Noreg i 1666, og frå 1672 hadde styresmaktene kontroll over øya gjennom Vestindisk-guineisk Kompagni. Dansk-norsk slavehandel tok til i 1673.[4]

Frå Danmark-Noreg starta kolonitida si til transatlantisk slavehandel blei forbode den 1. januar 1803 skal det ut frå rekneskap ført på norske og danske skip ha blitt frakta rundt 85 000 personar frå Afrika som slavar til St. Thomas, St. Jan og St. Croix.[4]

  1. Historisk Tidsskrift - NYT OM TREDIVEÅRSKRIGEN
  2. Tacitus.no - Skandinaviens befolkning
  3. Norgeshistorie.no, Odd Arvid Storsveen: «En halv-dansk nasjon». Henta 14. des. 2016.
  4. 4,0 4,1 Fartein Horgar. «Norske redere fra Helgeland til Halden tjente seg søkkrike på frakt av slaver til Danmark-Norges kolonier i Vestindia.». Klassekampen. 2018-07-25. S. 12.
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.