Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Dalian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dalian
大连市
Horisonten til Dalian
Horisonten til Dalian
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Liaoning
Geografi
Flatevidd 13 630,44 km²
Innbyggjarar
 - By (2010; 2020)

6 690 432, 7 450 785
Høgd over havet 29 m
Tidssone UTC+8 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://dl.gov.cn
Plassering
Plasseringa av Dalian (gul) i Liaoning
Plasseringa av Dalian (gul) i Liaoning
Plasseringa av Dalian (gul) i Liaoning

Dalian (tradisjonell kinesisk skrift 大連, forenkla 大连, pinyin Dàlián, Wade–Giles «Ta4-lien2») er ein kinesisk subprovinsiell storby sør i provinsen Liaoning i Kina, på Pulandianhalvøya (tradisjonelle teikn 普蘭店搬到, forenkla 普兰店半岛, pinyin Pǔlándìan bàndǎo) ved kysten av Gulehavet. Dalian har eit areal på 13 237 km² og hadde om lag 6,2 millionar ibuarar i 2009. I sjølve storbyen budde knapt 3,6 millionar menneske.

Den subprovinsielle byen Dalian har jurisdiksjon over seks distrikt (区, pinyin ), tre byfylke (市 shì) og eitt fylke (县 xiàn).

«Dalian» med forenkla kinesisk skrift øvst og tradisjonell skrift nedst.

På 500-talet var Dalian ei av dei største hamnene i Kina. Under vår- og haustannaltida låg byen under staten Yan.

Storbritannia okkuperte området i 1858, ein okkupasjon som tok slutt i 1880-åra. Qing-dynastiet bygde ut byen til det viktigaste støttepunktet for nordflåten. Denne flåten gjekk tapt i 1895 under den fyrste kinesisk-japanske krigen, etter som Japan vann krigen.

Frå 1898 til 1905 kontrollerte Russland området gjennom ein tvungen forpaktingsavtale. Okkupanten kalla byen for Dalnij og Lüshun for Port Arthur, desse to nabobyane er i dag samla. Bygginga av den transmandsjurske jarnbanen førte til stor aktivitet i byen. I denne perioden hadde byen mange russiske innbyggarar. Dalian og Vladivostok var då dei to endestasjonane for den transsibirske jernbanen.

Etter den russisk-japanske krigen 1904/05 okkuperte Japan byen i 40 år, som del av det japanske Kwantungterritoriet. Då japanarane etablerte Manchukuo i 1932 vart byen overført til dette japansk-styrte lydriket. Etter andre verdskrigen vart byen i realiteten styrt av Sovjetunionen. Fyrst i 1955 vart byen tilbakeført til kinesisk styre.

I 1984 vart Dalian ei særleg økonomisk sone i Kina.

Zhongshan-torget i Dalian
Dahei-fjellet på 663 meter over havet ligg sør i Dalian

Dalian har mykje fiskeindustri. Ein av dei viktigaste marinebasane i Kina ligg i Dalian. På grunn av sitt milde klima er byen ein ynda ferieby for dei nordlegaste delane av Kina.

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Dalian Zhoushuizi internasjonale lufthamn (tradisjonelle teikn 大連周水子國際機場, forenkla 大连周水子国际机场, pinyin Dàlián Zhōushuǐzǐ guójì fēijīchǎng) er den flyplassen i Nordaust-Kina med størst trafikk.

Riksveg 201 i Kina ender opp i Dalian. Han byrjar i Hegang i provinsen Heilongjiang og fører via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou og Dalian. Også Kinas riksveg 202 endar opp i Dalian. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, før han endar i Dalian.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dalian