Document
Utsjånad
- For den norske nettavisa, sjå Document.no.
Document Studioalbum av R.E.M. | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. september 1987 | |
Innspelt | 31. mars – 2. mai 1987 | |
Sjanger | Collegerock | |
Lengd | 39:51 | |
Selskap | I.R.S. Records | |
Produsent | Scott Litt og R.E.M. | |
R.E.M.-kronologi | ||
---|---|---|
Dead Letter Office (1986) |
Document | Green (1988)
|
Document er eit musikkalbum frå den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1987. Plata var den fyrste som vart produsert av både Scott Litt og R.E.M. sjølv, eit samarbeid som heldt fram med Green, Out of Time, Automatic for the People, Monster og New Adventures in Hi-Fi, som dei alle fekk suksess med.
Etter Document gjekk kontrakten med I.R.S. Records ut. R.E.M. var klare til å verte eit stort rockeband, og signerte difor året etter ein kontrakt med eit større selskap, Warner Bros. Records, om fem album, og den kommersielle inntekta deira voks med det mykje.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe, om ikkje anna er oppgjeve.
- «Finest Worksong» - 3:48
- «Welcome to the Occupation» - 2:48
- «Exhuming McCarthy» - 3:19
- «Disturbance at the Heron House» - 3:33
- «Strange» (Bruce Gilbert, Graham Lewis, Colin Newman, Robert Gotobed) - 2:32
- «It’s the End of the World as We Know It (And I Feel Fine)» - 4:07
- «The One I Love» - 3:17
- «Fireplace» - 3:24
- «Lightnin’ Hopkins» - 3:18
- «King of Birds» - 4:07
- «Oddfellows Local 151» - 5:21