Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gustav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til arkeologen Gustav Hirschfeld (1847-1895).
Kunstnarsignaturen til Gustav Klimt.

Gustav eller Gustaf er opphavleg svenske mannsnamn, truleg frå norrønt Gautstafr, danna av gautr, 'mann frå Götaland', og stafr, 'stav'. Ei anna tolking er at det er ei svensk form av det nordvestslaviske Gostislav der namnedelane tyder 'venn' og 'ære, rykte'.

Gustav har namnedag den 6. juni i Noreg og Sverige.

Namnet har spreidd seg til fleire andre språk. På norsk og tysk er skrivemåten framleis Gustav eller Gustaf og på fransk Gustave. Den latinske forma av namnet er Gustavus, og på italiensk, portugisisk og spansk er ho Gustavo.

Ei seinare svensk form av namnet er Gösta. På finsk er namnet Kustaa.

Gustav Vasa måla av Lorens Pasch d.y.

Namneberarar

[endre | endre wikiteksten]