Giddha
Utsjånad
Giddha eller gidda (panjabi گدها, ਗਿੱਧਾ, giddhā) er ein panjabisk folkedans for kvinner som er utbreidd blant panjabiarar i India og Pakistan.
Giddha blir tradisjonelt dansa i ein ring av kvinner som syng og klappar. To kvinner går inn i miten av ringen og bruker mimande arm- og handrørsler til å uttrykka det songen handlar om. Dei dansar vanlegvis til eit vers før dei går ut i ringen igjen og eit anna par tek over.[1]
Dansen blir hovudsakleg framført ved festlege eller sosiale høve,[2] særleg i samband med såtid og innhausting.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Framføring av boliyan-vers til giddha.
-
Giddha-fakter
-
Dans ved UFV Giddha Club
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «South Asian arts - Pakistan», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. desember 2019
- ↑ Bhargava, Gopal. Land and people of Indian states and union territories. s. 215.
- ↑ «Giddha | dance», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 1. desember 2019