Genshin Impact
Genshin Impact | |||
| |||
Utviklar(ar) | miHoYo | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | miHoYo, Cognosphere | ||
Distributør | PlayStation Store, Google Play, App Store, Epic Games Store, Microsoft Store | ||
Spelmotor | Unity | ||
Siste versjon | 5.2 | ||
Plattform(er) | iOS, Android, Microsoft Windows, PlayStation 4, PlayStation 5, Xbox Series X og Series S | ||
Utgjeving | 28. september 2020, 20. november 2024 | ||
Sjanger | datarollespel, action-rollespel, gachaspel, samarbeid | ||
Spelemodus | einspelar, fleirspelar | ||
Aldersgrense | PEGI 12 | ||
Nettstad | https://ys.mihoyo.com/, https://genshin.hoyoverse.com/en |
Genshin Impact (kinesisk 原神, pinyin yuánshén; japansk 原神-げんしん, rōmaji Genshin) er eit action-rollespel utvikla av det kinesiske selskapet miHoYo som fyrst kom ut i 2020. Spelet har eit anime-aktig open-verd-miljø og eit action-basert slostesystem som nyttar element-magi og bytte av spelfigurar. Spelet er gratis å spela, og tener pengar på gacha der spelarar kan skaffa seg nye spelfigurar, våpen og andre spelelement. Genshin Impact føregår i fantasiverda Teyvat, der det finst sju ulike land som kvar er bunde til eit ulikt element og styrt av ein ulik gud. Soga følgjar ein reisande som har reist gjennom tallause verder med tvillingen sin før dei blei skilde i Teyvat. Den reisande dreg på leit etter tvillingen sin saman med hjelparen Paimon, og blir involvert i forholda til landa i Teyvat.
Spelet blei utvikla mellom 2017 og 2020. Genshin Impact blei gjeve ut for Microsoft Windows, PlayStation 4, Android og iOS i september 2020, og for PlayStation 5 i april 2021, med vidare planar for ei utgjeving for Nintendo Switch. Spelet fekk jamt over positiv kritikk, med lovprisingar for slostemekanikken og den overtydande opne verda, men fekk også kritikk for den simplistiske slutten og den økonomiske modellen. Spelet blei ein økonomisk suksess. Det tente inn over 3 milliardar dollar i det første utgjevingsåret, den høgaste lanseringsinntekta for eit dataspel nokonsinne.
Prisar og nominasjonar
[endre | endre wikiteksten]Apple gav Genshin Impact prisen «iPhone Game of the Year» Best of 2020 frå si App Store og Apple Design Awards for Visuals and Graphics i 2021.[1][2] Spelet vann også Google Play sin «Best Game of 2020» og blei nominert til «Users' Choice Game» ved utdelinga Best of 2020.[3][4] Ved TapTap Game Awards 2020 vann det «Game of the Year».[5] Spelet blei også nominert til «Best RPG» og «Best Mobile Game» ved The Game Awards 2020,[6] og til «Ultimate Game of the Year» ved Golden Joystick Awards.[7] Det blei nominert til «Best Ongoing Game» og vann «Best Mobile Game» ved The Game Awards 2021.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Meet the 2021 Apple Design Award Winners». Apple Developer. Arkivert frå originalen 6. mai 2014. Henta 12. juni 2021.
- ↑ «Apple presents App Store Best of 2020 winners». Apple Newsroom. 1. desember 2020. Arkivert frå originalen 17. februar 2021. Henta 2. desember 2020.
- ↑ Robarts, Stu (9. november 2020). «Google Play Users' Choice Awards Return To Crown Most Loved Content». Screen Rant. Henta 18. november 2020.
- ↑ «Best Game of 2020». Google Play. 1. desember 2020. Arkivert frå originalen 25. desember 2020. Henta 2. desember 2020.
- ↑ «TapTap Game Awards 2020 - Winners». TapTap. 28. januar 2021. Arkivert frå originalen 28. januar 2021. Henta 2. februar 2021.
- ↑ Purslow, Matt (18. november 2020). «The Game Awards 2020 Nominees Announced». IGN. Arkivert frå originalen 25. desember 2020. Henta 18. november 2020.
- ↑ «Vote now for your Ultimate Game of the Year in the Golden Joystick Awards 2020». GamesRadar+. 13. november 2020. Arkivert frå originalen 25. desember 2020. Henta 18. november 2020.
- ↑ Makuch, Eddie (9. desember 2021). «The Game Awards 2021 Winners Revealed: It Takes Two Wins Game Of The Year». Gamespot.
- Denne artikkelen bygger på «Genshin Impact» frå Wikipedia på engelsk, den 19. februar 2022.