Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Brunei

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Negara Brunei Darussalam
برني دارالسلام

(norsk: Brunei, bruneisk)

Det bruneiske flagget Det bruneiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Allah Peliharakan Sultan»
Motto Alltid i teneste, med Guds hjelp
Geografisk plassering av Brunei
Offisielle språk Malayisk
Hovudstad Bandar Seri Begawan
Styresett
Monarki (Sultanat)
Hassanal Bolkiah
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
5 765 km² (166.)
8,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
443 593 (170.)
76,9 /km² (107.)
Sjølvstende
 - Dato
Frå Storbritannia
1. januar 1984
Nasjonaldag 23. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
32 900 mill. USD (120.)
85 700 USD (5.)
Valuta Bruneisk dollar
Tidssone UTC +8
Telefonkode +673¹
Toppnivådomene .bn

¹ 080 frå Singapore

Brunei, òg kalla Brunei Darussalam, er eit sultanat som ligg på øya Borneo i Søraust-Asia. Sett vekk frå kystlinja mot Sørkinahavet er landet heilt omgjeve av det austlege Malaysia. Brunei har store petroleumsressursar, og økonomien til landet er i stor grad avhengig av desse.

Kart over Brunei

Brunei har eit tropisk klima som endrar seg lite igjennom året. Temperaturane held seg stort sett rundt 30-32 °C midt på dagen og rundt 22-25 °C om natta. Nedbøren er stort sett jamt for delt gjennom året, men med ei lita auke i overgangsperiodane til monsunen i april-mai og oktober-november. I det store og heile kjem det ei regn- eller torebyge om lag annakvar dag. Den årlege nedbørsnormalen er om lag 3500 mm.

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunei
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.