Bjønnkamslekta
Bjønnkamslekta | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Underklasse: | Polypodiidae |
Orden: | Sisselrotordenen Polypodiales |
Underorden: | Aspleniineae |
Familie: | Bjønnkamfamilien Blechnaceae |
Underfamilie: | Blechnoideae |
Slekt: | Bjønnkamslekta Blechnum L., 1753 |
Bjønnkamslekta (Blechnum) er ei slekt av bregner i bjønnkamfamilien, som igjen er ein del av ein større monofyletisk orden, Polypodiales.[1] Slekta omfattar 150-220 artar.
Bregnane veks normalt langs bakken. Eit viktig kjenneteikn er dei unge skota, som ofte har eit raudt preg. Plantane er 10–100 cm høge, og har blad som står ut i rosettformasjon frå grunnen. Nokre av artane veks rundt krater i vulkanar, blant anna kjeldebjønnkam på Island.
I Noreg finst arten bjønnkam Blechnum spicant. Denne blei fyrst vitskapleg skildra av Linne, og er ein 15–50 cm høg, symmetrisk tofinna bregne med bladstenglane ståande opp frå rota i rosettformasjon. Sterile og fertile blad er ulike. Bjønnkam går opp til 1250 moh. i Stranda i Møre og Romsdal, og går elles nord til Kvænangen i Troms. Arten har hovudtyngde i kyststrøk på Vestlandet og er meir sjeldan i austlege delar av landet.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Følgjande artar er nokre av dei totalt 150-220 som finst i bjønnkamslekta:
- Bjønnkam (Blechnum spicant) (Linné) (Nord-Norge, Vestlandet, nedre Austlandet, nordvestre Afrika, den nordlege halvkula)
- Kildebjønnkam (Blechnum spicant var. fallax) (Island)
- Blechnum appendiculatum = syn. Blechnum occidentale var. pubirhachis
- Blechnum brasiliense
- Blechnum buchtienii
- Blechnum chilensis (Chile)
- Blechnum cordatum
- Blechnum dentatum = syn. Blechnum vittatum
- Blechnum discolor (New Zealand)
- Blechnum fluviatile
- Blechnum gibbum
- Blechnum lanceola
- Blechnum nipponicum = syn. Woodwardia japonica (Kina, Korea, Japan)
- Blechnum obtusatum
- Blechnum occidentale (Linné)
- Blechnum orientale (Linné)
- Blechnum penna-marina = syn. Polypodium penna-marina
- Blechnum radicans = syn. Woodwardia radicans (Linné)
- Blechnum schomburgkii
- Blechnum serrulatum
- Blechnum vittatum = syn. Blechnum dentatum
- Blechnum volubile
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Smith, A. R., K. M. Pryer, et al.' "A classification for extant ferns", i Taxon 2006 55(3), side 705-731. online tilgjengeleg versjon Arkivert 2008-02-26 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Bjønnkamslekten» frå Wikipedia på bokmål, den 20. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) bjønnkamslekta hos Artsdatabanken
- (en) bjønnkamslekta i Encyclopedia of Life
- (en) bjønnkamslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) bjønnkamslekta hos Dyntaxa
- (en) bjønnkamslekta hos Fossilworks
- (en) bjønnkamslekta hos ITIS
- (en) bjønnkamslekta hos NCBI
- (en) bjønnkamslekta hos The International Plant Names Index
- (en) bjønnkamslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Blechnum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Blechnum – detaljert informasjon på Wikispecies