Beit Oved
Beit Oved | |||
moshav | |||
Inngangen til Beit Oved
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Gan Raveh | ||
Koordinatar | 31°55′18.48″N 34°46′24.96″E / 31.9218000°N 34.7736000°E | ||
Folketal | 309 (2015) | ||
Grunnlagd | 1933 | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Beit Oved 31°55′18″N 34°46′25″E / 31.9218°N 34.7736°E | |||
Kart som viser Beit Oved.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Oved |
Beit Oved (hebraisk skrift בֵּית עוֹבֵד, tyder Arbeidarhuset eller Huset til Obed) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i utkanten av Ness Ziona og høyrer til Gan Raveh regionale kommune. I 2006 hadde Beit Oved eit folketal på 306.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet er basert på to vers i Bibelen: «Der vart Guds paktkiste ståande i tre månader. Og Herren velsigna Obed-Edom sitt hus og alt det som høyrde han til.» (1. Krønikebok 13:14)[1] eller: «Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett, vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.» (Salomos ordtak 12:11)[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Moshaven vart grunnlagd i 1933 av ei gruppe bønder.[3] Han vart grunnlagd etter Palestinaopprøra i 1929 då det vart grunnlagd mange jordbrukssamfunn i utkanten av jødiske byar og moshavaer for å betre tryggleiken.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Beit Oved» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Første Krønikebok kapittel 13
- ↑ Salomos ordtak kapittel 12
- ↑ Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191.
- ↑ Settlement of the Thousand, Kvutzat Shiller kibbutz Gan Shlomo