Beinlabyrint
Utsjånad
Beinlabyrinten (av latin labyrinthus osseus) er den harde og beinete ytterveggen i det indre øyret. Den er samansett av eit hòlrom, fleire semisirkulære kanalar og sniglehuset. Dette er hòler i knokkelen som er fôra med periost. Dei inneheld ei klar væske, perilymfe, og i denne ligg den vesle hinnelabyrinten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bony labyrinth» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2015.
- Denne artikkelen har bygd inn tekst frå ei offentleg utgåve av Gray's Anatomy.