Babe Ruth
Babe Ruth | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. februar 1895 Baltimore |
Død |
16. august 1948 (53 år) |
Yrke | baseballspelar |
Språk | engelsk |
Ektefelle | Claire Merritt Ruth |
Nettstad | http://www.baberuth.com/ |
Babe Ruth på Commons |
George Herman «Babe» Ruth (6. februar 1895–16. august 1948) var ein amerikansk baseballspelar. Han var statistisk sett den beste baseballspelaren i historia til sporten. Ruth byrja med å spela for Boston Red Sox, men vart seld til New York Yankees, ein av dei meste berømte klubbane i verda. På grunn av sin utagerende livsstil tiltrekte han seg òg stor merksemd utanfor banen, og han vart difor ein av dei første superstjernene i USA.
Ruth sette eit utal rekordar i dei 22 sesongane han var med i Major League Baseball (MLB). Sjølv om nesten alle desse seinare er vorte slegne, vert han generelt vurdert som den beste spelaren baseballsporten nokosinne har sett. Hans nyskapande, styrkeorienterte spelestil sende sjokkbølgjer gjennom baseballverda, som han reformerte og eksponerte på mange måtar. Etter å ha trekt seg tilbake var han blant dei fem første spelarane som blei velde inn i Baseball Hall of Fame. I dag er han enno spelaren med best treff-statistikk i MLB, med 349 treff per 1000 kast.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Babe Ruth» frå Wikipedia på bokmål, den 24. september 2018.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Bill Bryson: En sommer, Amerika 1927 Gyldendal (2014)