Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Askar Akajev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Askar Akajev

FøddАскар Акаевич Акаев
10. november 1944 (79 år)
Kyzylbayrak
Statsborgar avSovjetunionen, Kirgisistan
Partipartilaus
Yrkesamfunnsøkonom, matematikar, politikar
InstitusjonarDet sovjetiske vitskapsakademiet
Statsuniversitetet i Moskva
Utdanna vedStatsuniversitetet for informasjonsteknologi, mekanikk og optikk i St. Petersburg
EktefelleMayram Akayeva
BarnAidar Akayev, Bermet Akayeva
MedlemSentralkomiteen i det sovjetiske kommunistpartiet
VervPresident i Kirgisistan 1990-2005
EtterfylgjarKurmanbek Bakijev
Alle verv
  • Kirgisistans president (1990–1995)
  • Kirgisistans president (1995–2000)
  • Kirgisistans president (2000–2005) Sjå dette på Wikidata

Askar Akajevitsj Akajev (fødd 10. november 1944) er ein kirgisisk politikar som var president for landet frå 1990 til 2005, då han blei avsett i den såkalla Tulipanrevolusjonen. Han var den første presidenten i det sjølvstendige Kirgisistan.

Akajev blei opphavleg sett på som ein liberal leiar, men viste etter kvart fleire autoritære trekk. Etter nokre år ved makta byrja folk å klaga på offentleg korrupsjon og valfusk.

24. mars 2005 måtte Akajev flykta frå Kirgisistan etter at demonstrantar storma kontora hans i hovudstaden Bisjkek. 4. april sa han offisielt frå seg presidentvervet i ein underskriftsseremoni i Moskva.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.