Ales stenar
Ales stenar | |||
| |||
Ales stenar 55°22′58″N 14°03′16″E / 55.3827°N 14.0544°E |
---|
Ales stenar er ei steinsetjing i Kåseberga 1,5 mil frå Ystad i Sverige. Med ei lengd på 68 meter er ho den største steinsetjinga i Skandinavia.
Alder
[endre | endre wikiteksten]Ein veit ikkje den rette alderen på Ales stenar. Jamvel om det finst teikn som tyder på eit opphav i slutten på bronsealderen (mellom år 1000 og år 500 fvt.), er det òg mogeleg at skipssetjinga kan vera grunnlagd i jarnalderen eller vikingtida (år 600–1000 evt). Leivningar frå jarnalderen inneheld i regelen ei grav, men i Ales stenar finst inga grav. På gamle oppteikningar og bilete kan ein attmed den store steinsetjinga sjå to smærre skipssetjingar. Ein har heller ikkje der funne nokon graver.
Bygnad
[endre | endre wikiteksten]Steinsetjinga er ei skipssetjing som er bygd av 58 (opphavleg 60) steinar på ein 37 meter høg haug rett ved Austersjøen. Dei fire-fem tonn tunge steinane er plasserte slik at dei formar eit skip. Dei største, nesten 3,5 meter høge, steinane sit i dei to stamnane. Retninga deira peikar mot solrenninga og soleglad ved i same følgd vinter- og sommarsolkverv.
Ales stenar i bokheimen
[endre | endre wikiteksten]Den svenske diktaren Anders Österling (1884–1981) skildrar Ales stenar i det kan henda mest vidgjetne diktet sitt «Ales stenar» (i samlinga Tonen från havet (1933)).