Aftenposten
Aftenposten | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Type | Dagsavis, nettavis | ||
Org.nummer | 890412882 | ||
Format | Tabloid | ||
Grunnlagd | 14. Mai 1860 | ||
Eigarar | Schibsted | ||
Utgjevar | Schibsted Norge | ||
Sjefredaktør(er) | Trine Eilertsen (1. januar 2020– ukjend)[1] | ||
Språk | Riksmål, bokmål | ||
Hovudkvarter | Oslo | ||
ISSN | 0804-3116, 0807-2027 | ||
Nettstad | https://aftenposten.no (norsk) |
Aftenposten er den største dagsavisa i Noreg, og dekker spesielt Oslo og omland. Avisa har tradisjonelt hatt eit nært tilhøve til riksmålsrørsla, og målforma til avisa har vore ein skriftnormal fastsett av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Etter kvart har avisa gått over til å skriva vanleg bokmål.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Aftenposten vart grunnlagd av Christian Schibsted den 14. mai 1860 under namnet Christiania Adresse-blad. Året etter vart namnet endra til Aftenposten.
Avisa fekk eit oppsving under Amandus Schibsted, som var redaktør i tida frå 1879 til 1913. Mellom anna vart avisa eit leiande lysingsorgan.
Avisa kom ut under heile okkupasjonstida under den andre verdskrigen. Noko av grunnlaget for veksten etter krigen kom av at avisa vart halden i gang, medan andre aviser vert tvinga til å stogga utgjevinga av okkupasjonsmakta.
I 1981 mista avisa posisjonen som landets største avis, rekna i opplag, til VG som Aftenposten overtok i 1966 som betaling for uteståande trykkerirekningar. Men i 2011 vart Aftenposten størst att i ein marknad med fallande opplagstal.
Aftenposten har komme i to daglege utgåver sidan 1885, morgonutgåva og Aften (tidlegare Aftenposten Aften eller berre Aften Aften på folkemunne). Sundagsavis har kome frå 1990.
Kveldsavisa vert utgjeve i tabloidformat, og i september 2003 endra Aftenposten storleiken på delar av morgonutgåva frå storformat til tabloidformat. Frå og med 2005 kjem heile morgonavisa i tabloidformat.
Aftenposten vert utgjeve av Aftenposten AS, som vert eigd av det norske mediekonsernet Schibsted ASA.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Aftenposten (morgen)
[endre | endre wikiteksten]Tal frå Mediebedriftenes Landsforening 1980–2009:
|
|
|
Aften (kveld)
[endre | endre wikiteksten]Tal frå Mediebedriftenes Landsforening: 1989–2009:
|
|
|
Ansvarlege redaktørar
[endre | endre wikiteksten]- Espen Egil Hansen, 2013–
- Hilde Haugsgjerd, 2009–2013 (konstituert i 2008)
- Hans Erik Matre, 2004–2009
- Einar Hanseid, 1994–2003
- Andreas Norland, 1989–1993
- Egil Sundar, 1984–1990
- Trygve Ramberg, 1978–1986
- Hans Vatne, 1970–1984
- Reidar Lunde, 1970–1978
- Torolv Kandahl, 1961–1970
- Herman Smitt Ingebretsen, 1949–1961
- Einar Diesen, 1948–1968
- Henrik J. S. Huitfeldt, 1945–1973
- Johs. Nesse, 1945–1948
- Henry E. Endsjø, 1941–1945
- Haakon Øverland, 1936–1943
- Johs. Nesse, 1930–1941
- Frøis Frøisland, 1919–1930
- Thorstein Diesen, 1913–1925
- Ola Christofersen, 1913–1919
- Amandus Schibsted, 1879–1913
- Johan Magelssen, 1867–1879
- Zacharias Schlytter, 1863–1867
- Elling Kristoffersen, 1860–1863
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Aftenposten» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Aftenposten i Medieregisteret.no, Arkivert 2005-12-25 ved Wayback Machine. (Medietilsynet)