Chopok
Chopok | |||
fjell | |||
Chopok peak med hytta Kamenná chata til høgre
| |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Låge Tatra | ||
Høgd | 2 024 moh. | ||
Lettast tilkomst | til fots | ||
Koordinatar | 48°56′37″N 19°35′24″E / 48.94361°N 19.59000°E | ||
Chopok 48°56′35″N 19°35′35″E / 48.943055555556°N 19.593055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Chopok |
Chopok er det nest høgaste fjellet i Låge Tatra (etter nabofjellet Ďumbier) med ei høgd på 2024 moh i det sentrale Slovakia. Frå toppen er det panoramautsikt mot Høge Tatra, Liptov og Hrondalen. Det ligg ei hytte kalla Kamenná chata nær toppen.
Tilkomst
[endre | endre wikiteksten]Chopok ligg langs vandringsruta E8 mellom toppane Ďumbier og Dereše. I tillegg til denne aust-vest-stien, kan ein nå fjellet på stiar frå både nord (Demänovská dolina-dalen) og sør (Trangoška og Srdiečko). Eit stykke oppover går det stolheis til Chopok úboč (1834 moh) på nordsida og Kosodrevina (1494 moh) på sørsida.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Middeltemperaturen er -1 °C og den høgaste registrerte temperaturen 18 °C og den lågaste registrerte er -27 °C.[1] Middeltemperaturen i januar er -8 °C og i juli 6 °C. Chopok er den mest vindfulle vêrstasjonen i Slovakia.
Skisport
[endre | endre wikiteksten]Det finst skiløyper på både nord- og sørsida av fjellet. Det ligg tre skiområde på nordsida med totalt 21 km med skiløyper, ei kabelvogn, fire stolheisar og ni skiheisar.[2] På sørsida finst det to stolheisar og fire skiheisar. Fjellet er populært for frikøyring.[3] I tillegg ligg Jasná skisenter på nordsida av Chopok og Srdiečko og Tále på sørsida.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Chopok» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: