Charente
Utsjånad
- For elva med same namn, sjå elva Charente
Charente | |
---|---|
Våpenskjoldet til Charente | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 16 |
Region: | Poitou-Charentes |
Préfecture: | Angoulême |
Sous-préfectures: | Cognac Confolens |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 35 |
Kommunar: | 404 |
Président du conseil général: | Michel Boutant |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 66. |
-1999 | 339 628 |
Folketettleik: | 57/km² |
Landareal¹: | 5 956 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Charente er eit departement vest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Poitou-Charentes, og er kalla opp etter elva med same namn.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Charente er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Angoumois.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Departementet er i dag ein del av regionen Poitou-Charentes og grensar til departementa Vienne, Haute-Vienne, Dordogne, Gironde, Charente-Maritime og Deux-Sèvres. Det inneheld delar av dei geografiske områda Poitou og Limousin.
Demografi
[endre | endre wikiteksten]Innbyggjarane i departementet vert kalla charentais.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Konjakk og pineau er to store eksportvarer frå Charente. Dei produserer òg eit svært godt smør.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Charente