Chakra
Chakra (frå sanskrit cakraṃ चक्रं, fonetisk uttale «chukr»; pali chakka; tibetansk khorlo; malaysisk cakera) er senter med intens, kvervlande energi som i følge tradisjonell indisk medisin ligg på spesifikke punkt i kroppen som ikkje kan sansast. Andeleg og emosjonell energi strøymer gjennom punkta. Ordet chakra kjem frå sanskrit og kan omsetjast med hjul.
Sju hovudchakra eller energisenter skal eksistere og liggje langs midten av overkroppen. Det skal i tillegg finnast nokre underchakra som er plassert nedover beinet. Austlege medisinske tradisjonar og meditasjonsformer meiner chakra påverkar kroppen både psykisk og fysisk. Sjølv om det i første rekkje er eit psykisk fenomen, er det ein oppfatning at dei ulike energipunkta korresponderer fysisk med bestemte endokrine kjertlar. Dei forskjellige chakra skal ha tyding for ulike delar av kroppen og styre ulike kjensler. Sansane knytast gjerne til bestemte chakra. Det har også vorte vanleg å forbinde dei ulike chakra med ein bestemt farge. I følge hinduistisk tradisjon er dei enkelte chakra knytte til ein gud. Dei ulike chakra vert òg gjerne knytte til eit element. Eit spesielt mantra kan knytast til dei ulike chakra, og kan seiast for å stimulere punktet.
Mykje av den opphavlege informasjonen om chakra kjem frå den hinduiske teksten Upanishad, som vart skriven ned 1200-900 f.Kr.
Sju hovudchakra
[endre | endre wikiteksten]Nr | Lotus-symbol Farge | Namn Namn på sanskrit |
Element | Kjertel | Funksjon | Sans | Hindugud | Mantra |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
7. | 1000 blad fiolett |
Kronechakraet Sahasrāra |
Rom Universet1 |
Hjernevedhenget Hypofysen, Gl. pituitaria |
Foreine kroppen med kosmos Visdom, medvit Øvre hjerne, sentralnervesystemet |
Oversanseleg | Paramashiva | OM eller Pranava |
6. | 96 blad indigo |
Pinealchakraet (Det tredje auget) Ājñā |
Tid Sjela2 Manas |
Konglekjertelen Epifysen, Gl. pinealis |
Persepsjon, fantasi Nedre hjerne, ryggrad, sanseorgan |
Sjette sans | Sambhu | KSHAM |
5. | 16 blad blå |
Halschakraet Viśuddha |
Eter Akasha |
Skjoldbruskkjertelen Thyreoidea |
Kommunikasjon Strupe, øvre lunger, armar, meltingskanal |
Høyrsel | Sadashiva | HAM |
4. | 12 blad grøn |
Hjartechakraet Anāhata |
Vind Vayu |
Brisselen Thymus |
Lidenskap, mot, kjærleik Hjarte, lunger, blodsirkulasjon |
Berøring | Isha | YAM |
3. | 10 blad gul |
Solarpleksuschakraet Manipūra |
Eld Agni |
Bukspyttkjertelen3 Pancreas |
Motivasjon, sjølvtillit Mage, lever, galleblære |
Syn | Rudra | RAM |
2. | 6 blad oransj |
Harachakraet (Magechakraet) Svādhisthāna |
Vatn Apas |
Testiklar Testis (mann) Eggstokkar Ovaria (kvinne) |
Empati, kreativitet, seksualitet Kjønnsorgan, bein |
Smak | Vishnu | VAM |
1. | 4 blad raud |
Rotchakraet Mūlādhāra |
Jord Prithivi |
Binyrene Gl. suprarenalis |
Fysisk helse, sjølvkjensle, framgang, tillit Imunforsvar, nyrer, urinblære, ryggrad, prostata |
Lukt | Brahma | LAM |
1 Inga fysisk tilordning.2 Sjela er ikkje rekna som eit element i alle tradisjonar.
3 Dei langerhanske øyane (Insulae langerhanenses) produserer dei endokrine hormona i bukspyttkjertelen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Wikipedia bokmål, engelsk, tysk, fransk
- http://www.chatsophia.org/insightfull.htm Arkivert 2014-10-06 ved Wayback Machine.
- Brown, Simon G. (2004). Chi - Lær å bruke chi, den grunnlegende eneergien i alle holistiske terapier. Oslo: Hilt & Hansteen. ISBN 82-7413-624-1.
- Khalsa, Shakta Kaur (2002). Kundalini-yoga - Frigjør dine indre ressurser og få et nytt liv. Kina: NW Damm & sønn AS. ISBN 82-496-0143-2.