Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Övertorneå

Koordinatar: 66°23′12.926″N 23°38′53.056″E / 66.38692389°N 23.64807111°E / 66.38692389; 23.64807111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

66°23′12.926″N 23°38′53.056″E / 66.38692389°N 23.64807111°E / 66.38692389; 23.64807111

Övertorneå kyrkje
Jernbanestasjon i Övertorneå

Övertorneå (meänkieli og nordsamisk Matarengi, finsk Matarenki) er ein tettstad som ligg i Norrbottens län, og i landskapet Norrbotten i Sverige. Han er administrasjonssenter i Övertorneå kommun og i 2005 hadde tettstaden 1 967 innbyggjarar.

Övertorneå ligg ved elva Torne älv som dannar grensa til Finland. På den andre sida av elva ligg den finske kommunen Övertorneå.