Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Vasspipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. august 2010 kl. 19:12 av Xqbot (diskusjon | bidrag) (robot la til: ca:Narguil)
Mann med vasspipa

Ei vasspipa er eit instrument til å røykja tobakk med, og er utbreidd i Asia. I Noreg vert vasspiper stort sett brukte til å røykja hasj og marihuana med, oftast saman med tobakk. Å røykja rein tobakk i vasspipa er ikkje vanleg, då det er svært sterkt. Vasspipetobakk inneheld om lag fire prosent tobakk, resten er fruktmasse e.l. Den tradisjonelle vasspipa kallast òg hookah eller narghile.

Ei vasspipa er ei pipa med vatn i, der røyken må gå gjennom vatnet for å koma til munnstykket. Over vasskanten er det eit hòl, kalla choke, som ein brukar når pipa skal tømast for røyk.

Ei brusflaska kan brukast til å laga improviserte vasspiper. Då lagar ein to hòl i flaska. I det eine hòlet stikk ein ein slangebit, med pipehovudet (chillum) i eine enden. Det andre hòlet er choken.