Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Partisipp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 13. mars 2013 kl. 20:08 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 1 interwikilenkjer som er flytte til d:q814722Wikidata)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Partisipp er ei samnemning for infinitte verbformer med adjektiviske eigenskapar. På norsk har verbet to ulike partisipp, som desse formene av verbet syngje:

Ordet partisipp kjem av latin participium, av particeps 'som tek del i', det vil seie i funksjonane både til nomenet og til verbet. Eit særkjenne ved partisippa er nettopp at dei blir bøygde i både nominale og verbale grammatiske kategoriar. På moderne norsk blir perfektum partisipp bøygt i mange av dei same kategoriane som adjektivet:

  • ein sungen / liten song
  • ei sungen~sunga~sungi / lita~liti vise
  • eit sunge / lite vers
  • sungne / små songar
  • den sungne / vesle songen