Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kroppkaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. januar 2006 kl. 14:08 av Fatagnus (diskusjon | bidrag) (Attenderulla endring gjort av 195.134.41.194 til tidlegare versjon endra av Olve)
Kroppkaker klar til å etast. (Foto: Henrik Reinholdson)

Kroppkaka er ein svensk matrett som minner om norsk komle. Han består av boller laga av ein deig basert på rå poteter og bygg med flesk og lauk i, og finst i ulike variantar langs Smålandskysten, på Öland og i Blekinge. Ein et vanlegvis kroppkakene med smør og tyttebærsyltetøy.

Kroppkakene frå Blekinge har mykje kokt potet i deigen, og har derfor ein lys farge. Ein annan versjon blir laga utan flesk eller lauk, og kalla «blinning»

Matretten palt frå Norrbotten kan minna om kroppkaka. Ein finn òg retten i fleire variantar langs kysten i dei baltiske landa.