Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Binyamina-Giv'at Ada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Binyamina-Giv'at Ada
בנימינה-גבעת עדה
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°31′20″N 34°56′42″E / 32.52222°N 34.94500°E / 32.52222; 34.94500
Areal 25,7 km²
Folketal 10 200
Grunnlagd 2003 ved samanslåing
Borgarmeister Ori Disatnik
Kart
Binyamina-Giv'at Ada
32°31′20″N 34°56′42″E / 32.522222222222°N 34.945°E / 32.522222222222; 34.945
Kart som viser Binyamina-Giv'at Ada.
Kart som viser Binyamina-Giv'at Ada.
Kart som viser Binyamina-Giv'at Ada.
Wikimedia Commons: Binyamina - Givat Ada

Binyamina-Giv'at Ada (hebraisk skrift בִּנְיָמִינָה) er ein by i Haifa distrikt i Israel. Han vart danna i 2003 då dei to lokale kommunane Binyamina og Giv'at Ada vart slått saman. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Binyamina-Giv'at Ada 12 000 mot slutten av 2009.[1] Før samanslåinga hadde Binyamina 6 600 innbyggjarar.

Binyamina vart grunnlagd i 1922 og kalla opp etter baron Edmond Benjamin James de Rothschild. I følgje Jewish National Fund vart Binyamina grunnlagd på landområde eigd av PICA av medlemmar frå den tredje Aliyah. Landsbybuarane levde først av sitrusdyrking. I 1947 hadde Binyamina 2000 innbyggjarar.[2]

Pionerkvinner gjer klesvasken i Binyamina i 1930.

Givat Ada, kalla opp etter kona til baron Edmond James de Rothschild, Adelaid (Ada), vart grunnlagd i 1903 av åtte familiar frå Zichron Ya'akov.[3] Givat Ada vart grunnlagd som eit jordbrukssamfunn. Dei viktigaste avlingane var det dei fekk frå åkrane og grønsaker, og seinare druer.[4]

Den historiske Givat Ada-synagoga.

Området er heimstaden til både Binyamina vingard, som produsert 2,8 millionar flasker vin i året, og Tishbi vingard, som vart starta opp av Jonathan Tishbi i 1985. Tishbi produserer i dag kring ein million flasker i året.[5][6]

Venskapsbyar

[endre | endre wikiteksten]
  1. CBS statistics
  2. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 24. 
  3. Women on the Map, arkivert frå originalen 21. juli 2011, henta 7. april 2015 
  4. Women on the Map, arkivert frå originalen 21. juli 2011, henta 7. april 2015 
  5. «About Us». Binyamina Wines. Arkivert frå originalen 17. oktober 2010. Henta 7. april 2015. 
  6. Rogov, Daniel (12. august 2009). «Wine and Spirits / Family fortune». Haaretz. 
  7. Choose your family Arkivert 2008-04-13 ved Wayback Machine., Haaretz