Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Mikroskop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.

Eit mikroskop er eit optisk instrument som blir nytta for å lage eit forstørra bilete av eit objekt. Ordet er laga av dei greske orda mikrós (liten) og skopein (å sjå). Noko som er for lite til at ein kan sjå det i eit mikroskop er submikroskopisk.

Det finst tre hovudtypar mikroskop:

  • elektronmikroskop
  • lysmikroskop
  • rasterelektronmikroskop

Lysmikroskop

Hovudelement i eit lysmikroskop:
  1. okular
  2. røyr for objektiv
  3. objektiv
  4. skrue for grovfokusering
  5. skrue for finfokusering
  6. objekthaldar
  7. spegel
  8. blendar og mattskive

I eit lysmikroskop vert ljoset frå objektet leia gjennom objektiv og okular. Forstørring kan vera frå ti til ti tusen gongar.

Det synlege lyset har ei bølgjelengd på mellom 400 og 700 nm. Det avgjer kor små ting me kan sjå, ikkje mindre enn 0,3 mikrometer.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.